søndag 3. august 2014

Babykofte

Ja, då står kvardagen for døra etter 4 veker ferie.
Me har hatt ein lang og herleg ferie, reist litt og resten på hytta.
Vekene går fort, og så fantastisk ferievær me har hatt i år!
Varmt har det vore, ja, så varmt at det har gått ut over strikkinga mi.
Ein dag var det 32 gr! Då går det ikkje an å strikka i ull.
Denne kofta har eg brukt nesten 4 veker på,
men nå er den endeleg ferdig. Mangler bare knappar.



Knappane er nå sydd i, og det er utruleg kor det pynter opp.
Eg falt for desse små tinnknappane, det blei prikken over ien!




Det har ikkje vore så kjekt å strikka denne.
Den blei ikkje som forventa, og måla i oppskrifta er heilt sprø!
Eller så var babyane større før, for det er ei gammal oppskrift.
Den skulle vera str. 1,5 år, men den enda opp ca 2,5 år vil eg tru.
Eg rekte opp ein gang og gadd ikkje rekka opp fleire ganger.
Fargane blei eg ikkje fornøgd med heller,
 det blei for liten kontrast mellom den lys lilla og den kvite.
Den ender nok opp på ein basar,
så får eg strikka ein ny til barselgaven eg hadde tenkt.

Div babyull, 208 gr
Pinne nr 2,5 og 3



Eit par klutar blei det strikka i varmen, 
det var lettare å ta nokre pinnar av og til på dei.
Dei er i lillafarger, men det fekk eg ikkje fram på bilde.
Det har rett og slett vore godt å ta litt ferie fra strikkinga.
Då blei det meir tid til å lesa bøker.
Mønster ZZ av Bitta Mikkelborg
Mandarin petit, 45 gr
Falsk patent,
Mandarin petit, 51 gr

På hytta har me ein drueplante, den veks ute i det fri.
I år blir det bra med druer, nå venter me bare på at dei skal bli modne.




Rosene er nydelige i år, dei liker varmen.

Satser på at strikkelysten snart er tilbake for fullt ;)






3 kommentarer:

  1. Druer på hytta Wenche? :) det høres jo helt fortreffelig ut da! Så herlig :) Flotte bilder jeg ser, og ei kjempesøt barnekofte, den ser skikkelig god ut :) ang strikking så er jeg helt enig, det blir litt til og fra her ogå. Fortsatt god sommer til deg

    SvarSlett
  2. Synes du er veldig kritisk til denne kofta di, den var jo fin. Men eg kjenner igjen følelsen av å vera ferdig og så er ein skuffa likevel sidan ting ikkje blei heilt som ein hadde sett føre seg. Då er det best å få det ferdig og utav både syne og sinn. Strikkelysta her har også teke litt ferie, men no må vel hausten vera nærmare enn nokon gong.

    SvarSlett
  3. Druer som veks fritt og nydelige roser, du får det til å gro, du Wenche! Og jakka ser fin ut på bilda, ikkje kjekt å føle at det ikkje vart som ein tenkte. Reknar med dei vert glad dei som eventuelt vinn ho på ein basar.
    Klutane dine er alltid fine, du strikkar så fint!

    SvarSlett