lørdag 13. august 2016

Første strikk av selvfarga garn + + +

Det var spennande å strikka med garn eg har farga sjølv,
og eg blei fornøgd. Fargane blei jevnt fordelt på huene.
Eg liker ikkje når det blir flekkvis, eller pooling på engelsk.
Pynta dei med to fine knappar, ein sau og ei marihøne,
og eg brukte litt restegarn til kontrast.
Over helga skal eg på besøk til eine dattera,
og dei to jentene hennar skal få kvar si hua.



Selvfarga garn, merino 87 gr
Pinne nr 2,5

*

Andre fargeforsøk prøvde eg med planter.
Lav og bregner treng ikkje beis for å halda på fargen,
så dei blei første test. Det blir mykje brunfarger.
Det heiter at garnet blir grønt med bregne, 
men det er kanskje tidlegare på året?
Det blei i alle fall lys brunt her, den venstre på bilde.
Dei to andre er lav fra tre, først det gyldne brune,
og etterpå på restefargane i vatnet blei det lys gul/beige.
Dei to blir fine saman.
Den lyse er gulere enn på bilde.


*

I ferien blei det handla ein del garn med heim.
Det første nøste har eg strikka opp, eit Filcolana Arwetta sokkegrarn.
Det var tynt og fint, eg liker ikkje å bruka tjukke sokkar.
Eg kjøpte det på Fortuna i Trøndelag, og då fekk eg mønster med.
Eg har tatt utgangspunkt i det, men gjort min eigen vri.


Det var nok garn til eit par sokkar til av nøste med Online Supersocke
eg blogga om tidlegare. Dei sokkane fekk ei venninne.



Mønster, Fallende løv, av Klara Haugen
Arwetta Classic, 60 gr
Pinne 2,5

Online Supersocke, 82gr
Pinne nr 3,5

Hue, Sandnes Lanett, 42 gr
*

Ei lita hue til har eg strikka, litt etter mitt eige hode.
Den skulle jo passa til rumperen, som har fått knappar og er klar for levering.
Mor har strikka jakke i same mønster, så det blir eit heilt sett.




*

Denne bloggen blei ein samling av litt av kvart.
Eg har vore på etterskudd med blogginga i sommar, men nå er eg ajour.

Vividteppe har eg tatt heilt ferie fra,
får prøva å strikka ein og annen lapp innimellom.
Ja, for eg har fleire bestillingar fra jentene mine.




onsdag 10. august 2016

Babyteppe

Tenk så heldig eg er som skal bli mormor igjen for 9. gang!
Eg fekk levert ein pose garn med ønske om eit teppe,
og det hadde eg veldig lyst til å strikka.
Mønsteret er fra eit Sandneshefte, men eg har ikkje fulgt oppskrifta heilt.
Eg kutta ut ei bord som skulle strikkast og syes på,
 me blei enige om at det blei finast uten.







Kanten rundt ville bretta seg, så eg hekla ein omgang med krepsemasker.
Det hjalp og eg synes det passa fint til mønsteret.

*

Mønster, Sandnesgarn tema 24, Babytepper og hentesett
Garn, DSA Babysilk, 493 gr
Pinne 3,5






tirsdag 9. august 2016

Garnfarging - ein ny hobby?

Eg har igrunnen ikkje vore frista til å prøva å farga garn.
Men eg liker veldig godt spettet og fleirfarga garn,
og det er ikkje lett å få tak i her i landet.
Har sett på nett alt det fine garnet dei lager i andre land, 
men det blir veldig dyrt.
Då blei det til at eg satte i gang likevel, og det gav meirsmak!
I første forsøk bruka eg karry, og det blei ein fin gul farge.
Eg hadde eit nøste rein ull og eit merinoull i same vatnet,
men dei blei ikkje like i fargen. Merinoull tok mest farge og blei sterkar gul.
Den andre blandinga var paprikapulver og litt blåbær,
det garnet blei brunt. Ein hespel blei farga med litt av kvar fargeblanding.








  Eg prøde meg på spettet og fleirfarga garn og, der bruka eg konditorfarge.



Resultaet var ikkje så verst til å vera første forsøk.
Det blir spennande å strikka med garnet og sjå korleis det blir
og kor godt fargen held.


*

Eg har spandert på meg to hespler fra Hedgehog Fibre, eit nydeleg garn.
Tenk å få til noko slik...


Det er ei norsk dame som farger både garn og ull.
Ho kaller seg Tante Ull og har nettbutikk, ho skriv blogg og.
Det ligg link til bloggen hennar til venstre her.
Denne hespel kjøpte eg av henne, flott farge.



I dag prøver eg plantefarging med lav fra tre, spennande....