onsdag 25. februar 2015

Marius med rundfelling.

Mariusmønster er eit kjekt mønster å strikka.
Det er ingen tvinning av tråder som er det verste eg veit.
Eg liker og å strikka einsfarga glattstrikk, då koser eg meg og nyt det ;)
Likevel er dette den første voksne mariusgenseren eg har strikka.
Men eg har brukt mønsteret i nokre barnekler.
Eg er ikkje så glad i den tradisjonelle fargekombinasjonen,
liker ikkje den røde i halsen.
I lageret mitt hadde eg Sisugarn liggande, greit å få brukt det opp.
Genseren blei akkurat passe til meg, men den er ikkje min.
Den skal vera gevinst på basaren til foreninga vår.
Eg får kryssa fingrane for at eg vinn den!

Fargane er mest lik her.



Rundfelling er heilt topp, tenk å sleppa montering!
Eg felte halsen til masketallet til ein str. mindre, 
det er ikkje fint når halsen blir for vid.
For ikkje å få for stram avfelling, brukte eg ei felling eg fant på Youtube.
Det var ganske enkelt, men det blei fint uten at kanten bulka seg.
Halsen blei elastisk og god å få over hode,
 Den teknikken skal eg bruka fleire ganger.

                                         Linken finn du her HER , ta ein kikk på den ;)



Mønster, Marius
Garn, Sisu, 431 gr
Pinne nr. 2,5 og 3




fredag 13. februar 2015

Votter på bestilling

Vår yngste datter bruker bare tova votter til jentene sine.
Ei venninne av henne hadde lyst på votter 
både til guttane sine og seg sjølv.
Eg lova å strikka til dei, og nå er dei ferdig.
To par str 3 år, to par str 6 år og eit til voksen.


Safir og Østlandsgarn, 217 gr
Pinne nr 5

 *

På tysdag fekk så nydelege blomster,
roser og tulipaner i herlege farger.




Tusen takk til dokke som legg igjen ei helsing,
det setter eg stor pris på!
Ha ei god helg!




mandag 9. februar 2015

Genseren FJELL

Eit barnebarn på 5 år har ikkje villa hatt strikkeplagg på seg.
Eg kom til å spør han om eg skulle strikka ein genser til han,
og ja, han ville ha ein lys blå med gule fjell på!
Fjell? Ja, sånne som går opp og ned, sa han.
Då måtte eg til å teikna og han forklarte, 
han visste nøyaktig kossen han ville ha det. 
Fjell på eine armen og striper på den andre.
Bærestykke har eg kome med forslag til, 
men han har godkjent alt etter kvart.
Kanskje det bur ein liten designer i han?
Det var veldig kjekt å laga denne genseren til han,
og genseren måtte jo få navnet Fjell :)
Litt stor blei den, men då kan han ha den neste vinter og.
Han var veldig kry då han fekk den med seg i går.
Den er min, sa han :)



Mønster: Fjell av Aleksander
Garn, Sisu, 306 gr
Pinne nr 2,5 og 3

mandag 2. februar 2015

Kåpe i vevstrikk

Du Store Alpakka har kome med eit nytt garn og eit nytt oppskrifthefte.
Garnet heiter Pus og er blanding av alpakka og akryl, utruleg mjukt garn.
                                          Eg visste ikkje kva eg svarte ja til då eg blei spurt 
om eg ville strikka ei utstillingskåpe i det nye garnet for ein butikk.
Men eg liker ein utfordring, så eg gjekk på med krum hals.
Det viste seg at mønsteret var vevstrikk, det hadde eg ikkje prøvd før.
Heldigvis var det tjukt garn og tjukke pinnar, vevstrikk aukar ikkje fort.
Den har vore ferdig strikka og montert i ei veke nå,
og siste hand på verket har eg brukt mange timar på.
Det skulle nemleg vera frynser langs kantene, som ein pelskant.
Endeleg kan eg visa fram den ferdige kåpa.



Fasongen på kåpa blei fin, det einaste eg ikkje likte, var at den var vid i halsen.
Det er v-hals, og hetta er veldig stor så den legg seg utover.
Det skal vera hekter framme, det kan vera lurt å setta ei lengre opp og.
Garnet er eg heller ikkje glad i. 
Det loer noko frykteleg, så eg har vore heilt dekka av lo etter ei strikkeøkt.

Har tatt nokre bilder av arbeidet undervegs.


Kåpa var nesten like fin uten frynser etter min smak.


Eg strikka ein kant med hullbord til å knyta frynsene i.


Fant meg ei bok som eg tvinna tråden rundt og klypte dei opp.

                                     


Dattera prøvde kåpa på, den var litt knapp til henne.


Hetta hadde ikkje fått dusk og frynsene var ikkje klypte beint her.


Oppskrift, DSA hefte
Garn, Pus, 908 gr
Pinne nr 8 og 9

I oppskrifthefte var det fleire fine modeller.





Det har vore eit utfordrane og kjekt arbeid, 
men eg må sei eg er glad for at eg er ferdig.