tirsdag 29. oktober 2019

Ka'ana Sjal og Huer

Dette sjalet har vore ferdig ei stund.
Eg har faktisk strikka eit sjal til, men det er ikkje vaska og blokka ennå,
så det får venta til neste blogg.
Ka'ana sjalet har eg strikka fleire av, det er enkelt og lett å strikka.
Eg liker størrelse og fasong på det, greit å bruka som skjerf.
Det er strikka i tynt lammeull som eg har farga, med pinne nr. 3,75.
Eg skal ha det med som modell når eg er på messer med det handfarga garnet mitt.



*
Eg jobber litt til ei julemesse til som forreninga vår er med på.
Har hatt nokre nøster Balder liggande i lageret mitt,
eit tjukt og mjukt ullgarn.
Det har blitt 4 huer til denne tid, dei er raske å strikka på pinne 7 og 8.
Den hua med lys grå dusk fann eg oppskrift på hjå Drops,
dei andre strikka eg mønster etter eige hode.







torsdag 3. oktober 2019

På Vottekjøret

I fjor kjøpte eg den flotte boka, Selbuvotter.
Eg har ikkje strikka noko fra den før og tenkte det var på tide nå.
Eg har satt samen forskjellige mønster i votten,
og resultatet blei eg godt fornøgd med.
Men eg har sikkert strikka 3 votter til samen, 
det blei ein del opprekking og tilpassing!
Garnet er Ask fra Hillesvåg, strikka på pinne 3.


Fleire par tova votter har eg og strikka.
Eit i herrestørreslse som blei gitt bort i bursdagspresang.
Og 5 par barnevotter har eg strikka av rester av garn som eg har farga.
Dei skal eg ha med på messe eg skal vera med på i helga, der eg skal selga farga garn.



*
Tidlegare i haust kom me over nokre flotte kantareller.
Mange var så store som handa mi, har aldri sett dei så store før!
Det er ei 10 liters bøtte me har henta, så størrelsen viser på bilde.



Fleire flotte sopp såg me og, men dei blei ikkje plukka!