søndag 27. november 2016

Siste innspurt

Siste dagane før julemessa sist helg, gjekk pinnane nesten varme.
Det gjekk i småting som var fort gjort.

Boblelua er eit kjekt mønster, strikka vridd rett i ribbestrikk denne gang.


 Halser til barn strikka eg 4 av, men to i rosa glømde eg å ta bilde av.
Hadde ingen oppskrift, strikka etter eige hode.


Ein kveld var eg på strikketreff.
Der var Kathrine Gregersen, forfatteren til Nøstebarnbøkene.
Ho kom med gode tips og var inspirerande å høyra på.
Masse fint strikk hadde ho med seg og.
Me fekk utdelt eit mønster på pulsvarmerer, dei strikka eg to par av.
Eg blei ikkje så fornøgd med dei. 
I alpakkagarn blei dei veldig ujevne, var litt bedre i ullgarn.


Ei venninne bestilte ein hals. 
Ho ville ha glidelås i den, men den skal ho sy i sjølv


Boblehua, Dale alpakka, 71 gr
Halser, Mohana, 122 gr
Hals, Viking alpakka, 91 gr
Pulsvarmere, 37 gr

                                         
 *

Elles er dagane travle for tida. Datter vår har starta eige blomsterutsalg.
På bestilling lager ho dekorasjoner og buketter til alle anledningar.
I går hadde ho ope hus og hadde laga masse fint til advent.
Desse kjekke nissane er populere.







Ønsker alle ei fin adventstid!



onsdag 16. november 2016

Genser + Bukse

Det er ikkje alltid lett å finna fine jumprar til guttar,
men denne synes eg var fin, og så hadde eg rette fargane i lageret mitt.
Mønsteret var i det nye heftet fra Du Store Alpakka.
I staden for isydde armar, strikka eg raglanfelling.
Det er så mykje raskare og herleg å sleppa montering.


  
Tøffe ugleknappar pynter opp.



Det var nok garn til ei bukse og.
Fargen er lys blå, ikkje grå. Størrelsen på settet er 4 år.
Buksa har eg gått ut fra Hjertebuksa i Klompelompe boka.
Desse skal i kassen til julemessa.



Smart garn, Jumper, 276 gr
                    Bukse, 219 gr

lørdag 12. november 2016



Ein hjertelig hilsen til deg med ønske om ei god helg!

Klikk HER


fredag 11. november 2016

Garn, garn, garn...

Eg er visst beten av garnfargebasillen og må 
innrømma at eg har fått dillå, det er bare så kjekt!
Du veit aldri korleis resultatet blir, så det er spennande 
å prøva forskjellige fargekombinasjonar.
Det er konditorfarger eg har brukt til denne tid.
Problemet er at det blir mykje garn, klarer ikkje strikka opp alt sjølv.



Nå har eg fått sjangsen til å selga på eit marked, spennande!
Då måtte eg få eit system på hesplane og fargekomboane mine.
Det starta med eit kaos...


Nokre timar seinare såg det betre ut.


Og då var det klart for avlevering. 



*

Nokre par manfolksokkar er og komen i korga til julemessa.



Ola garn, 215gr
Sportsragg, 260 gr

*

Tusen takk for gratulasjonar og koselege kommentarar i forrige innlegg!
Veldig kjekt å høyra fra dokke :)