søndag 30. juni 2013

Rogn, Rowan Tree

Tredje klut me fekk i alongen til Bittami var og i eit nydeleg mønster.
Den kunne mest blitt brukt som brikke.
Mønsteret var ikkje av dei enklaste med to virdde vrange isamen,
men det har jo eg god trening i etter strikking av klokkejakken ;))

Mønster: Bitta Mikkelborg
Garn:Mandarin naturell, 50 gr
pinne 3

Ei hua har eg hatt som ferje-strikk.
Eg klarer ikkje strikka i bil, 
men på ferjeturane er det greit å få tida til å gå med eit strikketøy.
Hua er i JC mønster i rester av Jadegarn.


Mønster: J C
Garn: Jade, 67 gr
pinne nr 4
I dag spanderte mannen middag på kafe på oss.
To sommer-måneder i året er det kafe på Randøy.
Der har dei heimelaga god mat, men i dag blei eg faktisk skuffa.
Men desserten var god, varm vaffel med is og varme bringebær, mmm!

God søndag!





fredag 28. juni 2013

Jakke 2

Ja, då har damen fiksa på jakken.
Datter mi var enig i at den var for lang til meg.
Eg rekte rett og slett opp vrangborda og 
strikka ein brettekant i staden som eg sydde inn.
Jakken skråer litt ut, men vrangborda stramma den inn
så det blei ein rar pose i sida.
Nå er den mykje finare i fasong, og den er nettare og finare på.
I går var eg på Jørpeland, 
og då fant eg någen fine knappar som passer perfekt.
NÅ er eg kjempefornøgd!



God helg til deg som kikker innom :)


Mønster: Water and Stone av Vera Välimäki
Garn: Sterk fra Du store Alpakka, 570 gr
pinne nr 5


onsdag 26. juni 2013

Water and stone

Endleg, jakken min er ferdig!!
Eg er litt stolt over at eg klarte det etter engelsk mønster!
For den er strikka fra halsen og ned, og det har eg aldri gjordt før.
Tenk, eg var så heldig å få den passe stor på første forsøk.
Egentleg var det flaks, 
eg plukka opp masker til to fletter nedover ryggen i staden for ei,
men det passa flott! Fann ut at den var liten i størrelsene,
armane la eg og fleire masker til.
Det er ei asymetrisk mønster, framme er det fletter bare på ei side.
På andre sida kjem den fra armhola og ned
og på ryggen er det fletter på motsatt side av framme.
Synes det var ei spennande jakke å strikka.
Det skal ikkje vera knappar i den, men eg trur det hadde pynta opp
med 3 knappar, då hekler eg ei usynleg hempe på flettesida.
Får tenka litt på det.







Framme på glattstrikk-sida blei det lite "hold" i kanten,
då prøvde eg med I-cord langs den sida, og det funka flott! 
Kanten rulla ikkje så lett innover og det er bedre hold i den.
Det blei finest når eg strikka I-corden i maska innfor kantmaska,
då viser den ikkje i det heile tatt.


Eg blei fornøgd med jakken, kanskje den er litt sid?
Får høyra kva andre meiner.
Fargen er mest lik på det nederste bilde.


Oppskrifta fann eg på Raverly. 
Du kan finna den HER


"Tante er fortsatt gal" er ein blogg eg liker å lesa,
det er ei positiv og inspirerande dame.
Anbefaler dokke å ta ein kikk, ho har ein flott give-away på gang ;)




Mønster: Water and Stone, av Vera Välimäki
Garnet: Sterk, fra Du Store Alpakka, 487 gr
Pinne nr 5





lørdag 22. juni 2013

Hegg - Bird Cherry

Dette er den andre kluten me fekk oppskrift på i alongen.
Det er Bitta Mikkelborg som har designa den
og mønsteret ligg ute til gratis nedlasting.
Det er bare å melda seg inn HER
eller gå til gruppa henns på Raverly.

Mønsteret på denne kjøkkenkluten var bare nydeleg!
Tanta mi som fyller året i dag har fått den.


Ønsker dokke alle ei god helg og fin St.Hans!
Me skal brenne bål i kveld samen med dei fleste i bygda vår.
Her regner det nå, men håper på opphald i kveld.


Mønster: Bitta Mikkelborg
Garn: Tuva, 49 gr
pinne nr 3

torsdag 20. juni 2013

Ny trend?

Me lurer faktisk på om me skal innføra ein ny trend innen juletre.
Kva med eit brunt tre i år.... he he??



Ja, slik ser store deler av feltet vårt ut, triste greier!
Alt me planta i fjor, fleire tusen planter er og gått dukken.

Då er det kjekkare å kvila augene på blomsterbedet,
sjølv om fleire rosetre og vintergrøne busker og har frose.
Rododendronen på bilde har mista bladene og blomstrer på bare greiner.
Det har vore ein tøff vinter!


I går fekk eg ein nydeleg bukett med peoner av min mann.
Me har vore gift i 37 gode år :)


I dag har eg laga rabarbrasuppe, det er så godt!
Eg deler gjerne oppskrifta, det blir ca 4 liter ferdig suppe.
Den held seg lenge i kjøleskapet, men her får den fort bein å gå på ;))

1 kg rabarbra - skrelles
2,5 l vatn
Kokes til rabarbraen er mør.
Hvis du vil ha litt farge på suppa, ha i litt rød saft.
Ha i
5-6 dl sukker - smak til
Lag jevning av
1 dl potetmel og litt vatn,
rør den i suppa og gi eit lite oppkok.
Me synes suppa er best kald.


Kos deg :)






mandag 17. juni 2013

Selje - Goat Willow

Klut-strikking er eit greit arbeid på varme sommerdager.
Ikkje det at det har vore så varmt,
men i gruppa til Bittami, eller Bitta Mikkelborg, på facebook (Bittamis Design for strikkelystne)
er det lagt ut mønster på klut designa av henne. 
Det er gratis mønster, og ho legg ut eit i veka i fem veker framover.
Det er bare å melde seg inn i gruppa eller gå til gruppa hennes på Raverly
dersom du er interressert.
Dette mønsteret heiter Goat Willow (Selje- eg liker best det norske navnet ;)
Det er kjekt med nye mønstre på kluter, eg liker strikkakluter på kjøkkenet.

 

Jakken min går det framover med, eller nedover ;)
Det var det som blei ei utfordring med engelsk mønster.
Begynte i halsen og strikker nedover, og starten er kraven.
Det var bare å utstyre seg med ordliste og det gjekk ganske greit.
Ein feil har eg gjordt, men det var bare ein fordel fant eg ut.
I staden for ei flette nedover ryggen tok eg to, 
og då blei den akkurat passe over ryggen.
Ser at mønsteret er små i størrelsen, så det var flaks!
Du skal få ein liten titt her, så kjem resten når den er ferdig.


I dag har eg vore på koseleg besøk hos ei dame,
og strikketøyet var med.
 Me sat ute på terrassen og kosa oss i sola, deilig!

Takk for du ser innom her, ønsker deg ei fin veke :))


Mønster: Bitta Mikkelborg
Garn: Mor Aase bomull, 47 gr
Pinne nr. 3



onsdag 5. juni 2013

Litt skryt :))

Ja, i dag vil eg skryta av to kjekke damer ;)
Eg nytta meg av maisalget, og handla nokre nøster hos "To Damer",
Dersom ein handler for over 300 kr, sender dei det fraktfritt!
Det er ikkje vanskeleg å komma opp i den summen....;)
Då pakka mi kom på fredag, fant eg eit nøste eg ikkje kunne huska eg hadde bestilt.
Eg stussa litt og sjekka pakkseddelen,
og der stod det at siden eg hadde venta nokre dagar ekstra,
skulle eg få eit nøsta av det nye Alpakka-Silke garnet frå Sandnes.
 Garnet kjennes deileg ut, er mjukt og godt. 
Kjempeflott! Der kan man handle fleire ganger :))


Det var så fint vær her i dag, og eg gjekk ein tur i skogen.
Der blomstrer skogstjerna og skogsfiolen,
dei er så fine.



Blåbæra blomstra og, det er håp om at det blir bær i år.


Kvitveisen syng på siste verset, men dei lyser opp her og der ennå.


Kom over ein liten og fin blomst, vet ikkje navnet på den.
Det blei uklart, men tar det med.


Det er ikkje noko ferdig av handarbeid denne gang.
Eg er begynt på ein jakke, og er spent på om eg får den passe.
Oppskrifta er på engelsk, så eg studerer og leser om og om igjen, he he!
Har gjordt ein feil, men det gjer ikkje noko for jakken.
Nå skal eg strikka videre, ha ein fin kveld!