søndag 30. juni 2013

Rogn, Rowan Tree

Tredje klut me fekk i alongen til Bittami var og i eit nydeleg mønster.
Den kunne mest blitt brukt som brikke.
Mønsteret var ikkje av dei enklaste med to virdde vrange isamen,
men det har jo eg god trening i etter strikking av klokkejakken ;))

Mønster: Bitta Mikkelborg
Garn:Mandarin naturell, 50 gr
pinne 3

Ei hua har eg hatt som ferje-strikk.
Eg klarer ikkje strikka i bil, 
men på ferjeturane er det greit å få tida til å gå med eit strikketøy.
Hua er i JC mønster i rester av Jadegarn.


Mønster: J C
Garn: Jade, 67 gr
pinne nr 4
I dag spanderte mannen middag på kafe på oss.
To sommer-måneder i året er det kafe på Randøy.
Der har dei heimelaga god mat, men i dag blei eg faktisk skuffa.
Men desserten var god, varm vaffel med is og varme bringebær, mmm!

God søndag!





3 kommentarer:

  1. Skikkelige fine klut/brikka! Og så må eg spørje om den rosa duppeditten??? Kva er det for noko?? Du minne meg stadig på mønster eg og har lyst å prøva - som den gode lua der.

    SvarSlett
    Svar
    1. Den rosa saken er ein oppvask-kost. Eg vant den på ein strikkekafè og nå står den og pynter kjøkkenet mitt ;)

      Slett
  2. Ja den kluten kan du trygt bruka som brikke, den er berre nydelig! Kven kan ha hjarte til å vaska opp med slikt fint handarbeid?

    JC-huene er knallfine, trur nok eg skal strikka ei slik ein gong!

    SvarSlett