torsdag 7. april 2016

Det humper og går

Her går det fremdeles i sakte kino.
Eg strikker jo litt kvar dag, men kanskje bare 3-4 omganger,
det har blitt mykje dilling med andre ting...
og når det i tillegg blir to skritt fram og eit tilbake 
viser det ikkje mykje framgang!

Dette garnet kjøpte eg på Island for to år sidan, 
det er ein blanding av lin, bomull og bambus.
Eg har lenge leita etter det rette mønsteret til ein jakke,
og endeleg skulle eg rektig kosa meg med eit strikk til meg sjølv.
Det har ikkje blitt så mykje kos.
For det første er garnet veldig laust spunne og lett for å dela seg,
så eg strikker bare i dagslys for å ha kontrollen.

Har strikka ei jakke i same garn før ( den kan du sjå HER )
Kan ikkje huska at det var så galt den gangen.
Eg er veldig fornøgd med jakken,
den er like fin etter mykje bruk og vask i maskinen.


 Eg må som regel ha ekstra masker i overarmane,
og det gjorde eg her og, strikker ovenfra og ned.
Eg prøvde etter kvart, men fekk det for stort allikevel,
og den som måtte rekka opp var meg! Eit heilt nøste blei rekt opp!
Ja ja, på an igjen... så langt er eg komt til nå.




På kveldane går det i lappestrikk til Vivid teppe, har 30 lappar til nå.
Eg vasker og blokker dei ut til 22 x 22 cm. 
Det blir eit lett og godt teppe i Kauni garn.



Nei, nå må eg ta nokre omganger på jakken.

*

Tusen takk for koselege kommentarer på tidlegere innlegg.
Det er veldig kjekt å høyra fra dokke :)