onsdag 31. oktober 2012

Siste vekes handarbeid

I dag er det grått her, både ute og i hode mitt,
det har dunka heile dagen.
Får prøva å få til ein blogg med dei siste handarbeida mine.
Det er ikkje godt med den lyse skjermen,
synd me ikkje kan legga mørk bakgrunn på sida me skriv på og.
Det er grunnen til at eg har lagt mørk bakgrunn på sida mi,
tåler ikkje alltid så godt det sterke lyset på skjermen.
Men nok om det.
 
 
Sidan sist har eg strikka og tova nokre par votter og engler.
Vottene er i forskjellig garn,
embla, vestlandsgarn og dobbel ullteppegarn.
Det blei forskjellig resultat.
Vestlandsgarnet tova mest og blei hardere enn dei andre,
embla tova minst og blei mjuke og kanskje litt tynne.
Blei mest fornøgd med ullteppegarnet.
Men eg har ein del vestlandsgarn liggande,
får prøva å tova dei litt lettare.
 
 
 
I barnehagen på Nedstrand anbefaler dei å bruka tova votter til barna.
Dei er ikkje så klumpete i bruk og dei held seg tørre inni og er varme.
 
Eg har og laga nokre engler.
Dei er uten pynt ennå, men det kjem.
Har tenkt å sy på perler rundt hode.
 
 
Og ei hals har eg strikka i Topp mohair.
Den er så lang at den kan trekkast over hode.
 
 
 
 
Da vil eg ønska dokke alle ein god dag :)
 
 
 
 


tirsdag 23. oktober 2012

Helga gjekk fort.

Og me hadde det så koseleg hos dattera vår og familien.
Babyen var så skjønne og storsøster var veldig kry :)
Sjølvsagt hadde me fine blomster med til dei, bamse vil og gi ei rose ;)
 
 
 
Babyposen blei godt mottatt, og mens me var der,
strikka eg votter og hua i same mønster.
 
 
Nå må eg begynna og tenke på julemessa for alvor.
Den skal vera den 16. og 17. nov,
så det er ikkje mange vekene igjen.
To huer har eg fått til, og då har eg tenkt på guttane.
 
 
 
Dei er strikka i Trysilgarn.
Den med traktorer er i str 3-5 år og den stripete 10-12 år.
 
Takk til dokke som legg inn ein kommentar på bloggen min,
det er kjekt å lesa :)
 
 


torsdag 18. oktober 2012

Til lille gullet :)

Kjøreposen blei ferdig i dag,
har brukt nesten heile dagen på monteringa.
Det er ein del ekstra putl med armene og det er heile 10 knapper å sy i.
Nå er den vaska og ligger til tørk, klar til i morgon.
Då reiser me og skal helsa på den lille jenta for første gang, gleder meg!
 
 
 
 
 
 

 
Posen er strikka i Baby Merino.
For at den skal kunna brukast i bilsete, har eg laga hull til selen.
Det stod ikkje i oppskrifta, men den kan bli meir brukt då.
 
Eg har strikka et hentesett til jenta og.
Det er alt tatt i bruk, men legger ut et bilde her.
Det er i Viking Babyull.
 
 
Denne helga skal me kosa oss med vårt nye barnebarn
og hennes storesøster på snart tre år.
Det skal bli koseleg og me gleder oss.
 
Ha ei koseleg helg dokke og :))

tirsdag 16. oktober 2012

Mens eg venta...

Eg har venta på garnet til kjøreposen, og endeleg i dag kom det i posten.
I ventetida har eg strikka et par sokker til storesøster,
ho må få ein liten pakke ho og. Det blir litt meir enn sokkar i pakken då ;)
Har brukt et garn eg kjøpte i Finland, Nalle Talvi.
Det passa akkurat med fargerapporten så stripene blei like på begge sokkene.
 
 
 
 
To Hello Kitty huer har eg og laga.
I dag har eg montert dei, og det tar tid! Er mykje raskere å strikka dei.
Den eine blei det ein ny vri på.
Eg hadde nesten sydd det eine øyra på då eg såg dei skulle vore kvite!
Eg tok det ikkje opp igjen,
får trøsta meg med at småjentene er glad i rosa ;)
Den andre er lilla, ikkje blå, det var umuleg å få fram på bilde.
Dei er strikka i dobbel Trysil babyull.
 
I

lørdag 13. oktober 2012

Denne veka har det gått mykje tid med pcen.
Det er ein del å setta seg inn i for tida, både med nye håndarbeidsforum
og ikkje minst denne sida.
Med god hjelp av snille venner har eg knekt någen av kodane her inne,
tusen takk skal dokke ha!
Det går framover med kjøreposen eg strikker,
men eg fekk for lite garn.
Heldigvis hadde butikken eit nøste igjen av same fargenr,
snakk om flaks!
Dei skulle senda det til meg, då det er kjøpt i Haugesund,
håper det går fort i posten.
Me har så flott vær for tida.
Eg har gått ein lang tur kvar dag,
må nyte sola når ho endeleg dukker opp!
Ønsker dokke ei fin helg, håper dokke og har sol :)

torsdag 11. oktober 2012

Mormor og de åtte ungene :)

I dag er eg blitt mormor til ei nydelig jente :)
Eg har bare sett bilde av henne ennå, men ho var skjønn.
Det er like fantastisk kvar gong, er livets dessert å få banebarn!
Det var barnebarn nr 8, så morfaren erter med mormor og de 8 ungene :))

Fekk lov å dele bilde med dokke.

http://sphotos-c.ak.fbcdn.net/hphotos-ak-ash3/s480x480/545828_10151241844296815_1472989094_n.jpg
I sist veke var me på hytta.
Eg la opp til ein kjørepose til babyen til Monica, datter vår.
Men innimellom koste eg meg med litt småstrikk og.
Pannebånda er strikka i Eskimo og
pulsvarmerene er i Embla og Ida garn.
Mønsteret til årsteppe-lappene denne måneden var et nydeleg hullmønster,
og det brukte eg i det lilla paret.


Årsteppe er et prosjekt ei gruppe på Trådsnella har saman.
Ei superflink dame har laga mønster til lappane,
og dei deler ho med oss i gruppa.
Me strikker to lapper i måneden, og det går over et år.
Ingen blir like, det blir et flott og unikt teppe.
Eg skal nok vise bilder etter kvart.

tirsdag 9. oktober 2012

Prøver meg på egen blogg :)

Ettersom Norge 123 er på veg ut, er eg på leit etter ein grei erstatning når det gjelder blogging.
Det var svært skuffande at dei bare kan sletta alt me har lagt inn og lagra i løpet av mange år!
Derfor har eg lyst til å starta min egen blogg der eg bestemmer alt sjølv.
Problemet er bare at eg kan for lite, og det er mykje eg lure på,
men satse på det kjem etter kvart.
 
Denne bloggen blir nok mest om det eg lager av håndarbeid,
og det er mest strikking eg driver med.
Men det dukker vel opp litt hekling og kanskje litt brodering og ;)
Elles blir det om smått og stort i heimen.
 
Då starter eg med å vise fram toppen eg har strikka til meg sjølv.
Har strikka den i dominoruter, liker den teknikken,
men fort går det ikkje.
Det går mykje tid med å plukka opp masker!
Garnet er Drops Babyalpakka Silk, så den er herlig og mjuk!
 
 
 
Eg blei kjempefornøgd med toppen,
den blei akkurat passe :)
 
 


  I helga var me på Sand på Møgedalmessa.
Eg rekna med at det helst var for manfolk då det var hjå ein traktorforhandler,
men der blei eg positivt overraska.
Det var mange stand med handarbeid og håndtverk,
og eg fant ein ting eg har ønska meg lenge, ein stoppesopp!
 
Mannen i huset bruker heimastrikka sokker heile året,
og då kan eg ikkje hiva dei når det blir eit hol.
Som du forstår, stopper eg ein del hol, og då blir denne soppen god å ha :)