onsdag 30. august 2017

Bunadsett

Søster mi ønska seg eit bunadsett til barnebarnet sitt.
Det blei eg som strikka det for henne.
Vesten var ein utfordring å få fin i halsen og kraven,
mykje arbeid med den lille vesten i str. 2 år!
Nå mangler bare knappane, heile 10 stk på vesten,
 den er dobbelknappa og 2 på buksa.
Den jobben må søster mi ta sjølv, eg har ikkje knappane her.
Buksa er med korte bein - nikkers.
Eg er glad for at den jobben er ferdig!

Bildene er ikkje bra, får prøva å ta nye når knappane er i.



Siljagarn, 311 gr
Pinne 2,5 og 3


tirsdag 22. august 2017

Kaipuu Sjal

I fjor sommar var me ein tur i Østersund i Sverige,
og der var eg innom ein koseleg garnbutikk.
Der snopa eg med meg eit hespe Manos Lace fra Manos del Uruguay.
Garnet er Alpakka, silke og cashmere, så det er mjukt og godt.
Sidan garnet er sprettete i fargane, fann eg ei oppskrift med lite mønster i, bare langs kanten.
Det skulle vore rillestrikk, men eg strikka glattstrikk for å få fargespekteret fram.
Fargen er lilla og grønn, mest lik det første bilde.




Kaipuu av Tiina Huhtaniemi
Manos Lace garn,
Pinne nr 3,5


mandag 14. august 2017

Snøløv og Flax

I bygda vår er det ei som driv ein barneforrening, og der hjelper eg til.
Ho hadde ein pose umerka, fint ullgarn liggjande,
og ho spurde om eg kunne få til noko utav det.
 Til no har det blitt to genserar til basaren.
Det er mykje garn igjen, men for denne gang blir det med dei to.

Den eine er Snøløv genseren, eit enkelt og fint mønster.
Eg fann eit kvitt nøste Tove garn i lageret mitt til mønsteret.


Den andre er Flax light genseren. Den er strikka ovenfra og ned med
eit felt langs armane med riller.
Mønsteret finnes på Raverly, det er gratis og er fra størrelse 2 år 
og opp til stor manfolk størrelse.
Eg har strikka begge i ca 10-12 år.



Eit veldig dårleg bilde, genserane er mørk blå, er mest lik på Flax genseren.


Flax Light og Snøløv
Ukjent ullgarn, 445 gr
Pinne 3 og 3,5
*

Eg har hatt eit Malabrigo sokkegarn liggjande.
Det blei kjøpt på nett, fargen var skuffande då eg fekk det.
Men det blei fine sokkar til maen. 
Det er nok garn til eit par mindre sokkar igjen av hespelen,
eit veldig tynt og drygt garn.


Malabrigo sock, 57 gr
Pinne 3