tirsdag 31. desember 2013

Takk for det gamla!

I dag har eg strikka ferdig bolen til kofta, 
så nå er det bare montering igjen.
Eg har avtale med ei som har lang erfaring med montering, treng moralsk støtte!
Den eine gangen eg har gjordt det (klypt i strikk)
gjekk det ikkje bra, så det har eg holdt meg langt unna.
Nå har eg planar om to kofter til.... !!

Denne kofta strikker eg i Tynn alpakka fra DSA, 
og den veg før montering 425 gr.



*

I år som i fjor har eg notert garnforbruket mitt.
Eg har strikka opp 9705 gr i 2013, det blir 194 nøster.
Etter ein opptelling har eg laga ca 85 plagg med stort og smått.

Det starta med samenstrikking av årsteppe, og resten er

13 par sokker
1 teppe
11 huer + 4 pannebånd
6 par votter + 2 par pulsvarmere
6 sjal og skjerf
3 barnekjoler
1 jakke
1 kofte
2 gensere
2 vester
14 kluter
og ca 35 småting som engler, bokmerke mm.

Det er kjekt å ha oversikten over det eg lager,
angrer ikkje på at eg starta å blogge.
Spesielt når me ser at både det eine og det andre forumet blir sletta.

*

Då vil eg sei takk for det gamla til alle mine venner her,
både kjente og ukjente.
Det er så kjekt og inspirerande å lesa kommentarer fra dokke!
Håper me sees igjen i 2014!




GODT NYTT ÅR!



torsdag 26. desember 2013

Hjerte-mysterie

Me har hatt (og har) ei god jul. 
Heile familien, 23 stk, var samla på julafta, kjempekjekt!
Masse god mat og flotte presanger fekk me.
Eg må visa dokke det eg fekk av eine dattera, ho veit kva mora liker ;)



Eit nydeleg etui med 4 kabler og 8 forskjellige pinner.
Det blir spennande om dei er god i bruk!

*

Strikking har det blitt lite av i jula,
men eit mysterie har eg vore med på.
Del 3 blei eit fint hjerte. Det einaste eg kunne tenkt å forandre,
var å laga hjertebuen litt rundere, den blei litt for spiss.
Eg strikka det i Baby bomull.



Gjestal Baby bomull, 11 gr
Pinne nr. 2,5

I romjula har eg planar om å strikka og kosa meg.
Når huset er julepynta, er det herleg å bare nyta roen.

Ha ei fortsatt god jul, bloggvenner!





mandag 23. desember 2013

Jul i heimen

Jula starta i går her i huset.
Då fekk me besøk av datter med famelie.
Huset var reint og pynta og klart,
og nå er det bare kos med dei to yngste barnebarna på 4 og 1 år.
I morgon samlast heile familien til julefeiring, me blir 23 stk!
Det blir fullt hus og stormene jubel :)

Ho på 1 år har nettopp begynt i barnehagen,
 og då hadde ho bruk for fleire par votter.
Eg har strikka to par i Ask til henne.
Vottene blir mjuke og gode i det garnet når det toves.


Ask, 33 gr
Pinne nr 6
*

Då vil eg ønska alle som ser innom bloggen min ei rektig god julehelg!
Kos dokke :)






onsdag 18. desember 2013

Along del 2

I andre del av alongen skulle me strikka 6 av desse lappane.


Det var ikkje godt å sjå kva det skulle bli,
men sjå kor fin julekule det blei til slutt ;)
Eg brukte kvitt garn til samenheklinga. 
Kunne tenkt meg sølvgarn, men det fekk eg ikkje tak i.


Gjestal Baby Bomull, 17 gr
Pinne 2,5

Det er bare så leit at Handarbeids-forumet der alongen gjekk er blitt hàcka.
Alt er sletta og borte! Kan du forstå kva gleda dei har av å herje rundt slik?!!
Eg er skuffa og lei meg, huff!!

*
Men over til noko kjekkere ;)
I helga hadde me juletresalg med bålkos.
Kundene fekk kaffi og pepperkaker og ungane steikte pinnebrød.
Mange kjem igjen år etter år, og fleire nye kunder kom og.
Det er blitt ein koseleg tradisjon.
Det einaste som mangla, var snøen.


*

Eg fekk ei koseleg julehelsing i posten ein dag.
Sjekk denne fyren her..


Praktisk er han og, den vil bli mykje brukt av meg.
Falt heilt for krabben, eg! Tusen takk, Linda :)


*


Eg har lova å skriva oppskrifta på tova engler.
Hanne Aas si oppskrift låg til gratis nedlasting, då er det vel greit å gi den videre.


Du kan bruka Vestlandsgarn, Mor Aase og Østlandsgarn,
eller anna garn som tover.
Pinne nr 4.

Legg opp (60) 80 m, strikk 3 riller.
Fortsett med rettstrikk rundt. Merk midt foran og bak. 
Fell 1 m før og 1m etter den merka masken annenhver omgang.
Strikk til det er 8 m igjen. Strikk 1 omg vrang.
Neste omg strikkes 2 m i hver maske = 16 m.
Strikk (7) 9 omg. Fell 4 m på neste omg. = 12m.
Trekk tråden gjennom de 12 maskene.

Vinger
Legg opp 5 m. Strikk 1 r, 1 kast omg ut = 9 m.
Strikk 1 pinn rett, sett et merke ved midtmasken.
Strikk 1m r, 1 kast, strikk til midtm, 1 kast, 1r, 1kast, strikk rett til 1m står igjen, 1 kast, 1 rett.
Neste pinne rett.
Fortsett disse to pinnene til det er (35) 45 m på pinnen.
Fell av.

Montering
Fyll hode med fyllvatt eller garnrester, trekk maskene godt sammen og fest tråden.
Sy fast vingene.
Toves i maskin på 40 gr.
Hekle en hempe som festes på hode.
Pynt eventuelt med perler til glorie.

Eg har tatt med ein størrelse mindre som eg strikka i høst.





onsdag 11. desember 2013

Gjærbakst

I dag har eg baka gjærbakst.
Familien liker bedre det enn kaker.
Rundstykker med godt pålegg og ambrosiabrød med ost på,
det er godt det!!
4 ambrosiabrød og 40 rundstykker har eg laga i dag.





Viss du vil prøva å laga ambrosiabrød, skal du få oppskrifta her.

120 gr margarin
1 liter melk
2 små kopper sukker
1 pk rosiner, (250 gr)
Ha alt i ei gryte og kok det opp, avkjøl og tilsett
2 pk gjær og
2 samenpiska egg
Tilsett 1,5 kg hvetemel.

Heves 1 time.
Lag 4 store eller 6 små runde brød.
Etterheves og steikes 25-30 min på 200 gr.
Dei er kjempegode, bare prøv ;)

*
Det blir ikkje mykje ferdig på strikkefronten.
Kofta veks sakte men sikkert, og eg er med på ein adventsalong.

Kva skal dette bli?? Har ikkje peiling!
Eg skal strikka to til innen fredag, då får me veta meir.



Ha ei koseleg adventstid :)




torsdag 5. desember 2013

Adventskalender-mysterie

I ei gruppe eg er med i , har Zirkona adventskalender.
Det første mysterie var ein engel.
Eg glømde å ta bilde før montering, 
eg klarte ikkje tippa kva det var før forklaringa kom ;)
Eg hadde ikkje så mykje pynt liggande, så det blei ein enkel pynta engel,
det passer meg igrunnen bra.


Mor Aase, 8 gr
pinne nr 2

Eg har eit større arbeid på gang for tida.
Eldste datter ønska seg ei kofte, og den skal ho få i bursdagspresang.
Ho fant ei mønster fra 50 tallet som heiter Meldal, den strikker eg tynn alpakka.
Det går ikkje fort med mønsterstrikking på kvar omgang.
Men armane er ferdige, og nå er det bare bolen og beine vegen igjen.


Nå har eg kost meg med ein god lunch.
Skjeva med nylaga sylteflesk (oppskrift finn du i bloggen eg skreiv i går)
og nysteikt havrekjeks med brunost, mmm...



Ønsker dokke som ser innom ei god adventstid!



onsdag 4. desember 2013

Julepålegg i boks!

I går hadde eg kjøkkentjeneste det meste av dagen.
Her i huset et me ikkje så mykje kaker, 
me er meir glad i godt pålegg på skjeva og god middag.
Og nå er kjøttrullen og sylteflesket klart.


Eg lager kjøttrull istedenfor karbonader, 
skjærer dei opp i passe tynne skjever med løk på, mmm...

Sylteflesk (ribberull) er alle glad i her. 


Det er enkelt å laga, har du lyst til å prøva, kan eg forklara kossen eg gjer det.

Tynnribbe der svoren ikkje er ruta opp er best å bruka.
Her er eg klar til å gå igang.


Beina skjæres bort, eg skar litt kjøt med og lager grillbein av det.
Så kryderer eg ribba med pepper, nellik, ingefær og allehåde.


Eg ruller ribba samen og surrer hyssing stramt rundt.


Då var dei klar for gryta, kokes i 2 timer i usalta vatn.


Kok opp lake av 3 liter vatn, 500 gr salt og 15 nellikspiker, det er nok til ein rull.
Rullen legges i laken og settes kaldt, la den ligge i 2 døgn.
Bon apetitt :)


(Dette bilde er fra i fjor, mine ruller ligg ennå i saltlake)

Men litt kaker blir det. I dag har eg laga sandnøtter,
colakakene er og i boks.

*

På strikkefronten er det lite ferdig,
bare eit par sokkar som skal med i ein julepresang.
Eg har begynt på eit større prosjekt, skal strikka kofte til eldste datter.
Og når ho får kofte, må dei andre to og få.
Så det er ikkje problemer med kva eg skal finna på framover ;)

Sokkar er grei tv-strikk, det er stor størrelse, 44-45.


Gjestal Sportsragg, 154 gr
Pinne nr 3,5