onsdag 28. september 2016

Votter - snart vinter!

Ja, det går mot kaldere tider, 
det blei ein brå overgang fra sommarvarme til høsvær!
I dag er det øs-pøs ute og inne fyrer me i ognen, skikkeleg inne - kose vær!
Og då er det strikketøyet som gjelder.
Kanskje det er på tide å gjera klar votter til vinteren.
Svigersønnen hadde bruk for votter til å bruka på sjøen.
Det er heilt enkle votter strikka etter eige hode, dei kan brukast på begge sider.
Garnet er melert Sterk fra DSA.


DSA Sterk, 65 gr
pinne 3,5


Barnebarna veks og treng nye tova votter.
Då passer eg på å prøva garnet eg har farga sjølv.
Gulfargen er sterkere enn på bildene.

Det blei for lite garn til å få desse like, 
så eg strikka motsatt med stripegarnet på den eine votten.




Østland/Vestlandsgarn  125 gr
Pinne 5

tirsdag 20. september 2016

Farging og Strikk

Ei helg hadde eg koseleg besøk av barnebarnet,
og me var heilt alleina - me hadde jentehelg, sa ho ;)
Då måtte me jo finna på noko og eg fann fram garn og farger.
Jenta fekk bestemma farger, blått og lilla med litt rosa, 
og så satte me i gang og farga garn til ei hua som ho skulle få.
Me brukte konditorfarger.


Det var spennande å sjå kossen garnet blei.


Ho var og fann ein dusk som ho ville ha på hua.
Det rosa ville ikkje koma fram på bilde, men det er litt ros prikkar her og der.


Og med ein hekla blomst med ei ugle i, så blei jenta veldig fornøgd.


Selvfarga merinoull og
litt Alpakkaull, 60 gr
Pinne 3,5
*

Det er tida for marknader nå på høsten.
Her har me ei som heiter Frukt og Lakse festival.
Der sel dei både mat og håndtverk.
Eg gløymer å ta bilder, men eg snopa meg ei garnbolle, 
Har lenge ønska meg det.


På Dyrsku'n i Seljord var me og, har sjøvsagt ingen bilder...
Men der kjøpte eg ei strikkebok av Gerd Auestad.
Der var så mange flotte mønstrar på jakker, 
ho hadde stilt ut modeller av dei fleste i boka.
Anbefaler denne boka!



*
Eit sokkepar av restegarn til gubben, det minker på restene.


Robust og Labbetuss garn, 117 gr
Pinne 3,5




lørdag 17. september 2016

Ull er Gull

Ullklær under dressen er et must på kalde vinterdagar.
Det er langt fra vintertemp me har nå,
er så herleg med 20-25 gr. dag etter dag i september!
Men det kan brått komma kaldt vær og då er det greit å ha ullklærne klar.

Snuppå vår på snart 7 år hadde vakse fra ullsettet sitt,
og eg fekk ein pose Sterk garn  med ønske om jakken Gro og Hjertebukse.
Nå er det endeleg klart. 




Jakken var ferdig for ei stund sidan og jenta prøvde den på,
men armane var akkurat passe. Det må vera litt å voksa på,
så eg klyppa av lista og strikka dei lengre. 
Tredde rundpinnen i før eg klyppa, litt nifst, men det gjekk godt.


Monteringa gjekk greit og dei fine perlemorknappane blei prikken over ien.


Buksa har ei bord langs sida, hjerter strikka med vrange masker.


Her er fargane best.

Mønster fra Klompelompe boka
Sterk garn, jakken Gro, 317 gr
                  Hjertebukse, 240 gr
Pinne 3 og 3,5

*


Eg har lyst til å visa dokke denne jakken som mor har strikka
til eit nytt oldebarn som snart kjem. Mor er 80 år, synes det er godt gjort.
Eg har bare sydd i knappane for henne.





Ha ei god helg! Håper dokke har like fint vær som det er her,
20 gr. og sol!




fredag 2. september 2016

Hardangersøm

Endeleg var eg ferdig!!
Denne løparen har eg halde på med i fleire år.
Den er i grunnen rask å sy om eg bare hadde jobba med den,
men det er strikkinga som oftast blir prioritert her i huset.
Eg hadde ikkje mønster på løparen, har bare sydd den etter eit bilde,
og med lupe fekk eg med detaljene, trur eg...
Broderinga blei eg ferdig med i juni,
men så skulle den syes rundt kanten og klyppast inntil.
Symaskinen og eg er ikkje gode venner,
så det er greit å vera alleina når det pågår!
Men eg kom meg rundt til slutt og
eg fekk sitja ute i fint ver ein dag og klyppa rundt.
Nå ligg den endeleg og pyntar bordet.







*

Eg har farga meir garn, to hespler i blått.
Har brukt blå konditorfarge, den blir turkis-blå.


*

Strikka har eg og gjort, men det mangler montering,
så oppdatering får komma seinare.

Ønsker alle som er innom ei fin helg!