mandag 20. februar 2017

Frydkofte

Eg kan ikkje skryta på meg heile denne kofta, berre halve ;-)
Mor har strikka armar og bol og 
eg har strikka rundfellinga med mønsteret og montert.
Kofta er i str. 10 år, den er strikka rundt, 
så eg har klyppa den opp og sydd på stolpane.
Det arbeidet liker eg ikkje, men det må til.
Synes eg fann fine knappar, prikken over ien.
Garnet er Tynn Merino fra Sandnes.



Vottane, Kakaovotten, er og endeleg ferdige. Eg fekk tak i garn i Stavanger,
og fargen er heilt lik. Det er Ask garn fra Hillsvåg.
Vil du lesa meir om desse og tabben eg gjorde, kan du gå inn HER


Kakaovotten
Hifa Ask, 63 gr
Pinne 2,5 og 3



lørdag 4. februar 2017

Vintage Rose Cardigan

Då var jakken endeleg ferdig, med untak av knappar.
Dei har eg ikkje hatt anledning til å kjøpa ennå.
Garnet er veldig tynt og lett, Holst Noble heiter det.
Eg kjøpte det i sommar på butikken, Fortuna i Trøndelag,
ein butikk med masse spennande garn og ei koseleg dame som ekspederte.
Ho har nettbutikk og, anbefales!

Garnet er mykje tynnere enn det oppskrifta seier.
Eg måtte ha 42 masker på 10 cm, så eg har rekna om masketallet.
Det gjekk ikkje godt første gang. (sjå forrige innlegg)
Denne gang har det gått fint, måtte og passa på å strikka fleire omganger
på bærestykke innimellom mønsteret for å få det passe.
Det første stykke er det raglansfelling og resten er rundfelling.
Eg strikker lausare på mønsterstrikk, så der gjekk eg ned en kvart pinnestørrelse.
Knappestolpane blei veldig smale, så eg hekla ein omgang fastmasker.

Eg er veldig fornøgd med resultatet.
(Og knappane er komen på plass)









Mønster, Vintage Rose Cardigan, Drops
Garn, Holst Noble, 236 gr
Pinne, 2,5 - 3 og 2,75

*

Lappane til Vividteppe mitt har eg og strikka ferdig.
Nå er det den "kjekke" jobben å sy dei saman eg held på med.



God helg!