mandag 14. mars 2016

Multistrikking

Strikkelysten er ikkje på topp for tida, men litt får eg nå gjort.
På toppen av det heila, så starter eg på fleire ting på ein gang,
noko som eg skjelden har gjort før.
Då går det ikkje så fort å få det ferdig.
Eit større prosjekt er Vivid-teppe, eit lappeteppe med holmønster.
Nokre lappar er det blitt, og eg vasker og blokker dei etter kvart.
Strikker det i fleirfarga Kauni.





Gubben sliter veldig på sokkane sine, og det trengs nye for tida.
To par har eg strikka, eit til gubben og eit til eine svigersonen som har bursdag.





Kjøkkenklutane mine er og velbrukte, så eg treng fleire.
Har bare strikka ein foreløpig, beste klutar som fins!




Eg har starta på enda eit prosjekt.
For nokre år sidan var me på Island.
Der kjøpte eg eit garn som heiter Arezzo lin, det er blanding
av lin, bomull og bambus. Det er eit garn som held seg godt og er ikkje så varmt.
Derfor passer det å strikka seg ein jakke til våren.
Garnet er veldig laust spunne, så det deler seg lett når eg strikker.
Fann eit mønster på Ravelry, jakken skal strikkast ovenfra og ned.
Eg har jo gjort det før, men denne har ein spesiell start,
håper eg får det til, er ikkje ekspert på engelsk!



Gjestal Sportsragg, 127 og 136 gr
Rauma Pandora, 50 gr




Det nermer seg fort påske og. I dag har eg baka havrekjeks.
Dei må eg alltid ha til påske, alle er glad i havrekjeks.






Ønsker dere alle ei rektig god påske!