mandag 30. mars 2020

Jakke, to Sjal og Sokker

Då var det tid for ein oppdatering igjen.
Det går i grått om dagen.
Eg fekk bestilling på ein enkel jakke av same dama eg strikka kofte til.
For at det skulle vera litt kjekkare å strikka, 
foreslo eg å ha falske fletter langs knappestolpane.
Det fungerte godt, det pynta opp jakken.
Nå håper eg mottager blir fornøgd og at den passer.




*

Ei venninne hadde bursdag nå i mars og eg strikka sjal til henne.
Har visst dilla på sjal!! Men det er kjekt å stirkka.
Dette var nytt for meg, det heiter Close To You, og det ligg gratis på Ravelry.





Eg har mangla eit sjal i grått til meg sjølv.
Det har vore samstrikk på Lysning sjalet av Skeindeer Knit,
det er ei norsk designer som bur i London.
Samstrikken er på Podcasten, Strikk på landet Hansgarden.
Eg heiv meg på der og farga opp eit merinogarn til sjalet.
Synes det blei litt kort, men etter blokking blei det brukande.



*

Det er mange samstrikk for tida, og på Brit Strikkenerd sin podcast
er det sokkestrikk av tjukke raggsokker, eit mønster i måneden.
 Eg er ikkje med kvar mnd, men mars-sokken likte eg,
Sokkane er designa av Bitta Mikkelborg, finnes og gratis på Ravelry og heiter Just Perfectly.
Desse skal gubben få, og desse er i blått!


*

Det nermer seg påske og i desse koronatider må det bli heimepåske.
Men me får kosa oss på tur i skogen, me er heldige som bur på landsbygda.
Lag dokke ein god påske!





tirsdag 10. mars 2020

Mammahjerte Genser

Eg prøver å bruka garnet eg har i lageret mitt,
og eg hadde nokre nøster Viking Alpakka Silk liggande.
Fekk lyst å strikka ein genser og fann ei passande oppskrift med fleire farger.
Det er første gang eg har strikka vrangt i mønsteret, synes det blei fint.
Eg strikka forhøyning bak i nakken, då blir det mykje betre fasong.
Denne genseren ville yngste dattera ha.