fredag 31. mars 2017

Mia og Mio Genser

Aldri så galt at det ikkje er godt for noko, heiter det.
Sidan lørdag har eg sete med vond rygg,
og det har vore positivt for strikketøyet.
Fredag la eg opp til ein genser i str 4 år, og i går felde eg den av.
Den skal vera modell til utstilling i ein butikk.

Du store Alpakka har komme ut med eit nytt hefte, Baby og Barn 0 mnd - 4 år,
DSA47.  Denne genseren er ein av modellane. 
Eg synes den er fin og det blir sikkert fleire, var grei å strikka.
(når eg bare fann ut av fellinga på diagrammet)







Mønster, Mia og Mio Genser DSA 47
Sterk garn, 216 gr
Pinne 3 og 3,5


Eg har og montert ein dåpskjole + hua for ei venninne,
sydd i armene, strikka på kragen, hekla ein kant og festa ALLE tråder!
Det blei ikkje bilder av kjolen.

Slike dagar er det godt å ha handarbeid å jobba med.





torsdag 23. mars 2017

Crystal Bright Cardigan

Det har vore stille her ei stund.
Strikkelysten er ikkje heilt på topp, men litt kvar dag blir det.
Men endeleg fekk eg jakken ferdig.
Den er strikka til basaren som foreninga vår jobber til.
Mønsteret fann eg hjå Drops og garnet er Dale Alpakka.
Den blei merkeleg og stripete i fargen på bilde,
den er ikkje slik i virkeligheten, det er mest likt på det nederste bilde.






Mønster, Crystal Bright Cardigan
Dale Alpakka, 479 gr
Pinne 3 og 3,5
*

Me hadde og ei ferieveke, og reisa gjekk til Tenerif.
Det blei ein flott tur med eit fantastisk vær, mellom 32 og 34 gr dei siste 4 dagane.
Då greier ikkje eg å strikka, blir ganske svett i hendene.
Det var best å nyta det ved bassenget!
Der var det aldeles nydeleg. Bilde er tatt på kvelden fra balkongen vår,
me hadde fin utsikt!


Reisestrikket var eit enkelt sjal, det var greit å ha på flyet.
I dag har eg strikka det ferdig, men må vaska og blokka det før bilde.

Me har det ikkje fullt så varmt her heima, dette bilde tok eg i går, 22. mars.
Nå vil me ha vår og blomstring, ikkje snø!






lørdag 4. mars 2017

Bøker

Noko som har stått høgt på ønskelista, er bøkene Kofteboken 2 og Selbuvotter
 har eg hørt mykje positivt om dei.
Til bursdgen min fekk eg penger, og då var desse bøkene det første eg tenkte på.
Dei er kome i hus, og eg angrer ikkje, to flotte bøker eg kan anbefala!
Eg fekk ei anna bok og, Strikk med perler.
Eg liker ikkje perler så godt i plagg, men det var mange kjekke oppskrifter på huer, 
sjal, skjerf og votter.
Det går jo fint an å strikka uten perler, kjekk bok det og.


Ein dag kom det ein overraskande pakke i posten.
Eg lurte fælt, hadde ikkje bestilt noko nå??
Eg pakka opp ei nydeleg strikkeveske, og den var fra ei god strikke-venninne.
Ho har sydd den med mange gode lommar i, og det var ein fin størrelse.
Den blei tatt i bruk med ein gang, passar perfekt til jakken eg held på med.
Og så det stilige stoffet då, ugler er kult, har fått masse skryt av den.



Det går ikkje så fort med strikkinga mi for tida, har ikkje den rette ånda!
Jakken eg held på med skal få ei veke fri nå.
Me reiser til varmere strøk, og då blir det noko lettare reisestrikk med.
Skal bli godt å koma vekk fra snøslaps og kaldt vær.

God helg!