torsdag 31. desember 2020

Amanda-prosjekt

I år har eg nesten bare strikka med garn fra garnlageret mitt.
Eg handla litt når me var på tur i sommar og i høst på Telespinn,
og eg har fylt på med litt sokkegarn. Men elles har det gått fra lageret.
Podcasten, Indigo i Grønn, har ein samstrikk på å strikka til Amandaprosjektet.
Og sidan eg hadde rester og enkle nøster av babygarn liggande,
passa det godt å vera med på den. Det er godt å få brukt opp garnet til noko fornuftig.
Eg har strikka 6 sett med hua og sokkar og eit teppe med hua som står til.
Nå strikker eg eit teppe til, men det blir ikkje ferdig i år.







*


*
Eit sitteunderlag i rester av Fritidsgarn, strikka eg før jul




*

Då var me kome til siste dagen i 2020. Det har vore eit rart og annerleis år, 
men me har vore heldig så lang og fått vore friske.
Nyttårsafta blir ikkje som me hadde tenkt, ser ut som me blir alleina, men det skal gå bra.
Me får håpa det nye året blir betre.
Ønsker alle som ser innom her eit godt nytt år!








 

fredag 18. desember 2020

Slipstravaganza Sjal av Stephen West

 Dette sjalet er det lenge sidan eg var ferdig med, har heilt gløymt å blogga om det.
Det var ein mysterie-samstrikk som Stephen West arrangerte.
Det er spennande når ein ikkje veit korleis det blir, me fekk ein del i veka i ein måned.
Det er det første sjalet av han eg har strikka,
men eg har to bøker av han, så det blir nok fleire.
Garnet har eg farga sjølv og det er tynn lammeull.
Fargane er vanskeleg å setja saman når ein ikkje kjenner mønsteret,
men eg er godt fornøgd med resultatet.


1. del

Bonusdel + "2. del

3. del

FERDIG



Sjalet var veldig kjekt å strikka, sjølv om det var over 900 masker på siste omgangane!

*








lørdag 5. desember 2020

Petra-kofta av Gerd Auestad

 Eg fekk spørsmål om å strikka ei kofte for dattera,
ho skulle gi den i julepresang.
Så då var det bare å setta i gang.
Det blei Petra-kofta, synes det er eit fint mønster.
Den blei fin i desse fargane, er djup burgunder, ikkje lilla.



*

Eg fekk fleire oppdrag.
Mor hadde lyst til å gi eit par votter i julegave,
så då blei det eit par Sydanmaa Mittens til ho.
Så har eg eit barnebarn som også måtte få seg nye votter.
Desse er så gode på handa, liker når de sit tett på.



*
I år er eg med på ein bytte-advendskalender.
Eg har sendt 5 pakker til Norway-Kate (Katedesign)
og ho har sendt til meg. Ein pakke til kvar søndag i advent og ein til julafta.
Her er den første pakka opp, spennande!


*

Ønsker alle ei fin adventstid!



















onsdag 11. november 2020

Oslogenser og Retrojakke

 Då var det på tide med ei oppdatering, eg ligg etter med blogging.
Eg har hatt ein pose med Sterk garn liggande i fleire år, så nå var det på tide å få brukt det.
Det har ikkje blitt mykje strikk til mannen min, foruten sokkar då, så nå var det på tide!
Fant ei oppskrift som passa til garnet, Oslogenser, i heftet Norske ikoner fra Sandnesgarn.
Den er i to farger, men eg tok med litt av ein mørk blå, synes det friska opp.



*
Eldste dattera hadde strikka bolen til Retrojakken, så blei den liggande.
Då tilbaud eg meg å strikka den ferdig.
Ho er veldig flink med farger, og denne jakken var kjekk å strikka og blei kjempefin.
Knappane er kome på seinare, dei blei gule.
Stripene er i mørk lilla.


*
Barnebarnet som ønska seg hua, hadde bruk for nye votter og.
Eg fann ei gratis oppskrift på Ravelry, Sydanmaa Mittens. 
Dei var veldig gode på fasong, likte godt tommelkilen.
Kjem til å strikka fleire av desse, og mønsteret passa godt til hua.
Strikka dei i ein tråd Merino og ein tråd Silk Mohair på pinne 3,5.
Ho har snart bursdag, så dette blir ein del av presangen.





Eit par Cloudburst til har eg og strikka.
Desse skal ei datter få.




Eg har meir som er ferdig strikka, men det får koma neste gang.



              



onsdag 7. oktober 2020

Traktorgenser +++

 Barnebarnet vårt blir 4 år og han er ein rektig traktorgutt! Då syntes eg denne jakken passa perfekt til han! Den har vore ferdig ei stund, men nå fekk eg endeleg tak i knappar. Søndag skal me feira dagen hans, så jakken skal med i pakken. 


Har strikka eit par sokkar til storesøster.




Eit anna barnebarn ønska seg ny hua med dusk, 
så det fiksa me fort! Den er strikka i ein tråd Knitting for Olive Merino og ein tråd Silk Mokair. Hua heiter Bjørnlilua av Marit Bergsrønning. 


Eg har spunne litt garn av ull eg har farga. Ulla kjem fra sauene til dattera, så det er ekstra kjekt å strikka av det. Desse pulsvantene heiter Cloudburst, og dei sit godt på handa. Eg strikka dei kortare enn mønsteret seier, eg har små hender. 
Det gulbrune paret har eg ikkje spunne garn til, men eg har farga det med lav fra trær.
Dei har dattera fått, ho liker gult.

Mønsteret ligg gratis på Ravelry, og podcasten, To rette og en vrang har samstrikk på dei.












lørdag 19. september 2020

Midtsommersjal

 Samstrikk frister når det skal strikkas plagg eg har på lista mi.
Midtsommersjalet av Gro Tveitstøl synes eg er så fint,
så samstrikk blei det igjen.
Garnet er merino, eit spettete som eg har farga og det mørke er fra Nøstebarn.
Blei godt fornøgd med den farge-komboen.
Midtpartiet er i 4 deler i oppskrifta, 
men sjølv om eg bare har 2, blei det i største laget for meg.
Men sjalet er fint og det blir modell for det handfarga garnet mitt.




*

På bilturer i sommer har eg strikka kluter i bilen.
Når det er enkel rillestrikk, går det fint å strikka mens me kjører.
Eg bruker bare strikka kluter på kjøkken, det liker jentene mine og
så det blir aldr for mange!


*

Me var ein tur i Telemark og henta tyttebær i år og
Har aldri opplevd så masse store, flotte bær før, så det blei fort fulle bøtter!
Då er det kjekt å vera på bærtur!


Tyttebæra veks til og med på stubber, naturen er flott!










mandag 24. august 2020

Afternoon in Lisbon Top

 I fleire år har eg hatt eit Viking Milk & Honey garn liggande. Det er blanding av bomull og melkefiber.
Eg tok det fram og fann ei oppskrift som passa perfekt til garnet, Afternoon in Lisbon, av Lisa Hannes.
Det var ei enkel og annerleis mønster, kjekk å strikka.
Det einaste eg gjorde som ikkje stod i mønsteret, var at eg strikka den høgare bak i nakken.
Denne toppen blei eg veldig fornøgd med, den blei fin på størrelsen 
og den er så mjuk og deilig å ha på. Det blir ein favoritt!



*
Eg kjøpte ei Flittig Lise i vår, og den har vore veldig flittig i sommar.



mandag 3. august 2020

Barnegenser - Halser - Sokker

I fleire år har eg hatt nokre nøster Elise garn liggande.
Eg prøver å bruka mest mogleg av garnlageret mitt, og nå fann eg fram Elise nøstene.
Etter oppskrifta på Sinnasaugenseren, la eg opp til ca 5 år.
Garnet er fleirfarga, så eg strikka den bare i glattstrikk uten mønster.
Kanskje den kan bli barnehage-genser til barnebarnet.
Viss ikkje går den i basar/gavekassen.
Men eg har ennå meir garn igjen, det blir nok kluter.




I sokkesamstrikken til Brit Strikkenerd skulle det strikkas Thuja-sokker i juli.
Dei var enkle og fine, så eg strikka eit par til mannen min.Han sliter ikkje hælen bak, men under hælen.
Så eg droppa forsterka hæl og strikka mønster heilt ned på hælkappa,
og strikka heller ein forsterkningstråd med i fellinga under.



Halsen, The Shift, likte eg veldig godt, kjekk å strikka og 
det var greit å få brukt enkle nøster som berre ligg der. Det er blitt 3 stk nå.
Denne er strikka i eit nøste Fantasy fra Sandnes og eit nøste Myflower 1 Class.
Begge skifter i fargane, og då blir det fine striper.



Og denne er strikka i Sandnes mini-Palett og Hot Socks fra Sockenwolle.



Den første eg strikka har eg blogga om før, men eg viser den her og.
Denne blir min og dei andre to går i basar/gavekassa.


To par tynne sokker har det og blitt i sommar.
Eit par i Opal Classics garn og eit par i Rauma Magi.