torsdag 29. august 2013

Lava Flow

Denne gang gjekk det greit, det blei nok garn og vel så det.
Halsen Lava Flow legg seg fint rundt halsen med møbius vrien.
Den er sydd samen, så egentleg er det møbius-juks... ;)
Flettemønsteret i kanten pynta opp.
Eg strikka den i tynnere garn enn oppskrifta,
og då blei flettene litt smale, kunne tatt fleire masker i fletta ser eg nå.




Det var garn til overs, og då blei det eit par pulsvarmerar.
Strikka dei utfra mønsteret på halsen, og dei blei sånn.



Fargen var umulig å få rett.
Den er mørk plommerød, ikkje lilla.

Mønster, Lava Flow
Garn, SKY fra Du Store Alpakka, 48 gr og 23 gr
Pinne nr 3,5

Ja, og så var det 2 klutar sidan sist ;)
På Stoff og Stil fant eg eit bomullsgarn eg likte veldig godt.
Det var godt å strikka med og mjukt.
Det gjenstår å sjå kossen det er etter vask.


Oppskrift: Hegg og Falsk patent
Garn: Timeless cotton, grøn 41 gr og Mandarin naturell, kvit 50 gr
Pinne nr 3

I dag har eg vore flink og både mala litt og vaska ut til helga.
Me får besøk av yngste datter med familie i mårå.
Det gleder eg meg til, blir ikkje så ofte me ser dei to småjentene deira.
Minstajentå er 10,5 mnd, og det skjer så mykje i den alderen.
Ho går når ho held seg i gåbilen allerede :)

*

Øsker alle som besøker bloggen min ei god helg!

onsdag 21. august 2013

Analucia

Då var along-sjalet strikka ferdig.
Det blei passe stort med medium størrelse.
Etter antall meter på garnet, skulle det stemma med det eina nøste eg hadde.
Men det gjekk bare ca halve nøste, sjalet veg bare 29 gr!
Har aldri strikka med så tynt garn før, det er Harmony fra Jojoland.
Det skulle og vore nokre omganger med perler innstrikka, men det droppa eg.

Sjalet var spennande og kjekt å strikka.
For kvar ny del me fekk, var det ei ny mønster.
Denne måten å strikka sjal på var og ny for meg, 
enkelte mønster er strikka bare på halve sjalet.
Men fint blei det :)

 Det var ikkje lett å få fargane rett, men det er best der det ligg.




Mønster: Analucia av Erica Jackofsky
Garn: Harmony fra Jojoland, 29 gr
Pinne nr 4

*

Sjalet var ikkje det beste TV-strikk med sitt kunststrikk,
då gjekk det bedre med nokre klutar.
Dokke er vel snart leie av å sjå alle klutane mine,
men eg tar med alt eg strikker i bloggen,
då har eg full oversikt.
Dokke får heller hoppa fort over dei :))
Desse tre er i forskjellig garn, og eg strikker opp nøstet.
Det blei stor forskjell på størrelsen.



Mønster: Finale, Hvit bjørk og falsk patent.
Garn: Mor Aase, Tuva og Mandan naturell, 150 gr
Pinne nr 3

*
Det er ikkje kjekt å rekka opp!!
I ferien begynte eg på eit skjerf med eit garn eg hadde kjøpt i Trondheim.
Då eg hadde strikka det eine nøste nesten opp, 
såg eg at det ville bli for lite garn.
Det er ingen her rundt som har det garnet, 
og då var det bare å rekka opp.
Nå har eg funne ein liten hals som har ligge lenge på vent i "skal strikka" lista mi.
Satser på garnet rekker til den.


Me har begynt på eit oppussings-prosjekt her i huset,
og då går det tregare med strikkinga.
Men nokre rundar til dagen blir det allltid :)

















mandag 12. august 2013

Sjal along

Eg har sett på dei flotte sjala Garnhekta har strikka seg,
og då ho tipsa om ein along på Raverly, 
falt eg for fristelsen og melde meg på.
Designer er Erica Jackofsky.

 Mønsteret fekk me i sju deler,
og dei låg og venta på meg då me kom heim fra ferien.
Hadde bare strikka første del før me reiste,
nå er eg ferdig med femte del.
Det er eit spennande sjal å strikka 
med mange forskjellige mønster i kunststrikk.
Framgangsmåten er og ny for meg,
strikker sjalet stykkevis og delt ;)

Garnet er ei gåve fra ei snill venninne.
Harmony er så tynt at eg føler det er sytråd eg strikker med,
men det blir lett og luftig med pinne nr 4.




tirsdag 6. august 2013

Tunika

Denne tunikaen blei og til på hytta.
Strikka siste rest i går og har festa ørten tråder, så nå er den ferdig.
Eg veit ikkje ennå kven som skal ha den.
Fekk bar lyst å strikka den, og garn fant eg i min gjemmer ;)




Mønster: Sandnesgarn, Til Fjells, str 6 år
Garn, Karisma, 309 gr
Pinne nr 3 og 3,5

søndag 4. august 2013

Feriestrikk

Då var me heima igjen etter 3 herlege veker ferie.
Det meste av tida har me vore på hytta, 
men me hadde ein tur til Hermon Høyfjellshotell nokre dagar.
Skikkelg godt å få god mat servert, både for kropp og sjel.
Me hadde det veldig kjekt saman med to vennepar.

Dei to siste vekene har me hatt varmt og flott vær,
det er mange år sia me har hatt det så fint i ferien.
Men det slutta av med skikkeleg torden og regn!

Men strikketøyet har ikkje hatt ferie.
Det er med kor eg enn er, til og med i båten. 
Når mannen min fisker, strikker eg ;)
Eg har ikkje fått alt ferdig, men ein kjole til Snuppa vår
og nokre kluter kan eg visa fram.


Mønster: Viking Design, str 4 år.
Garn, Viking Milk & Honey, 205 gr
Pinne nr 2,5 og 3




Mønster: Bittami
Garn: Mandarin petit, 140 gr
           Tuva, 50 gr
Pinne nr 3