mandag 27. januar 2014

Manfolksokker

Eg fekk eit hint om at ein svigerson hadde bruk for sokker.
Det måtte eg gjera noko med, og det har blitt 2 par.
Eit blått i Gjestal Sportsragg, det er mjukt og fint.
Det andre paret er i Ola garn, eit stivere sokkegarn, men slitesterkt.


Gjestal Sportsragg, 136 gr
Ola, 114 gr
Pinne nr 3.5

Garn til neste kofte er i hus, så nå er det bare å finna fram pinnane.
Det er koksgrå og lys grå Sandnes mini Alpakka.


Nå skal eg ha meg ein liten husmorferie hjå datter vår.
Det bles godt, liten storm på fjorden og eg skal reisa med ferje, gruer meg!
Vurderer om eg heller skal kjøre rundt...

Ha ei fin veke!

onsdag 22. januar 2014

Tøfler

I dag har eg vore flink, både med husarbeid og gått ein god tur,
så nå kan eg kosa meg med strikketøy og pc med god samvittighet.

Mor bestilte eit par tøfler som ho skulle gi bort i gave.
Det blei strikka to par, det andre skal tanta mi få 
for ho hjalp meg med montering av kofta.
Mønsteret er frå bladet Småstrikk frå Familien,
men eg har justert litt på mønsteret. 
Dei er veldig god på foten og er elastiske
så dei passer til alt frå størrelse 37-39, kanskje større og.




Garn, Silja 100 gr
Pinne nr 3,5


søndag 19. januar 2014

Meldal Kofte

Første kofta er endeleg ferdig og levert.
Det var eit spennande prosjekt med tanke på monteringa,
det hadde eg lova meg sjølv at eg aldri skulle gjera meir!
Det er mange år sidan nå, eg strikka genser til maen,
og den fekk eg jobb med då trådane rakna etter eg klypte.
Grunnen var nok at det var mest syntetisk i garnet og var glatt.
Denne kofta har eg strikka i tynn alpakka fra DSA,
 så eg tok mot til meg og satte i gang.
Det gjekk fint denne gang, heldigvis, 
men det er litt av ein jobb med alle sømmar og belegg!
Ein ting er sikkert, strikkinga er mykje kjekkare enn monteringa ;)





Det er forsinka bursdagspresang til eldste datter,
og ho var godt fornøgd med kofta.

Mønsteret er fra 60 tallet, 
fekk det av ei dame som hadde mange gamle mønster.
Kjekt at dei gamle mønstera kjem fram igjen, det er masse fint.

Me har ei datter som har bursdag i mai.
Trur ho har funne seg eit mønster,
så nå er det bare å kjøpa garn og setta i gang med neste.


Mønster: Meldal
Garn, Tynn Alpakka fra DSA, 440 gr
Pinne nr, 3 og 3,5


lørdag 18. januar 2014

Holbrook Shawl

I det siste har det blitt slik eg ikkje liker,
fleire arbeid på ein gang.
I vente på å montere kofta (trong assistanse), starta eg på eit sjal.
Det var ikkje tv vennleg, så eg måtte ha noko lettvint på kvelden.
Med andre ord har eg hatt 3 arbeid på gang,
derfor er det ei stund sidan eg oppdaterte her.
Alt er ferdig nesten samtidig og me stater med sjalet.

Eg forelska meg heilt i Holbrook, fant det på Raverly.
Hadde lyst til å strikka eit sjal som gjekk beint over ryggen, 
og dette var midt i blinken!


Har lenge ønska meg eit sjal til å ha over finkjoler.
Dette blei eg veldig fornøgd med,
passe stort, nydeleg mønster og det ligg fint over skuldrene.



Garnet er Merilla fra Svarta Fåret, 70% merinoull og 40% akryl.
Det blei veldig ujevnt når eg strikka, håplaust å få det jevnt.
Eg satsa på det ville bedra seg når eg vætte det og blokka det ut, 
og det blei ganske bra.



Mønster: Holbrook Shawl, Dee O`Keefe
Garn, Merilla, Svarta Fåret, 42 gr
Pinne nr 3,5

*

Tv-strikket blei eit på sokkar til maen.
Det er det einaste han får, stakkar, men det er det han treng;)
Kanskje eg må gjera noko med det, 
men fyrst er det døtrene våre som skal få kofter.
Den fyrste er ferdig, mangler bare knappar. Det skal eg fiksa nå.



Garn, Robust,
Pinne 3,5


Ha ei god helg!

Takk til dokke som legg igjen ei helsing, det setter eg pris på :))





torsdag 2. januar 2014

Hals og hue

Årets første strikk er beint fram til meg sjølv.
Det var godt med eit raskt arbeid etter kofta!
Garnet er ein gave, eit nydeleg garn, Mirasol Baby Lama.
Trur det er det mjukaste garn eg har vore borti!
Eg tåler ikkje ull så godt, men dette kjennest herleg ut.
Har sett på det mange ganger og fundert på kva eg skulle bruka det til.
Lenge har eg hatt lyst til å strikka meg ein hals som er tett om halsen,
som ikkje slepp til den kalde lufta.
Det passa godt å bruka dette mjuke garnet til det,
og halsen blei slik eg hadde tenkt.


Det blei akkurat nok til ei hua og, fekk nytta alt garnet.
Eg kler ikkje huer, men denne, "Lue i en fei", kan eg bruka.


Mønster hals, eget, 71 gr
Mønster: Lue i en fei, Ingrid`s design, 75 gr
Garn, Mirasol, Mistsi Baby Lama
Pinne nr 5

Ha ein fin kveld :)