fredag 29. januar 2016

Nancykofte

Eg fekk ein bestilling på ei Nancykofte.
Den var grei å strikka, bare to farger om gangen 
og korte fargeskift så ein slepp å tvinna tråden.
Liker og å strikka rundfelling, då er det bare å klyppa opp framme.
Å montere er ikkje det kjekkeste eg gjer, så jo mindre, dess betre.
Knappane skulle mottaker ordne sjølv.






Strikkefastheten min er ikkje lik på glattstrikk og mønsterstrikk.
Eg strikker lausere på mønsterstrikk, så eg prøvde å gå ned eit kvart nummer.
Det fungerte veldig bra. 
Eg fann pinne nr 2,75 på ein nettbutikk, Garnkurven.
Der hadde dei fleire uvanlege pinnestørrelser.




Mønster, Nancy
Garn, Sandnes mini Alpakka, 457 gr
Pinne 2,5 - 2,75 - 3

fredag 22. januar 2016

Maratonstrikking

Ja, det har vore full fart med strikkepinnane denne veka.
Det starta med at eg måtte legga vekk kofta mens eg venta på nye rundpinner.
Eg strikker lausere på mønsterstrikk enn glattstrikk med ein farge,
og kom på at eg vil prøva å gå ned i pinnestørrelse.
Eg var så heldig å finna pinnetupper nr 2,75,
men då eg skulle til å strikka med dei, så passa dei ikkje til kablane eg hadde.
Då var det bare å bestille nye kabler, og det har tatt 4 dagar fra Østlandet i posten.

Eg kan jo ikkje sitja med hendene i fanget, 
så eg strikka eit par votter til storebroren til babyen som skal få kjole.
Han og må få ein liten pakke, og tova votter er eit must på desse kalde vinterdagane.
Så fekk eg ein telefon fra dattera om eg kunne strikka votter til to gutter, 
og ho hadde satt pris på votter til eine jenta si.
Då var det bare å fortsetta  for fullt.
Eg fekk ein telefon til av ei anna datter, jenta deira hadde mista den ein votten sin.
Kunne eg strikka nye? Ja då, klart det!
Nå har er strikka 7 par votter og eit par sokker.







Regia, Arne & Carlos, 29 gr
Vestlandsgarn, 72 gr
Hifa Ask, 112 gr 


Men ikkje nok med det. Eine dattera hadde lyst på eit skjerf til ho skulle reisa i går kveld.
Ho hadde starta to kveldar før, men hadde ikkje sjangs å få det ferdig, ho jobber på dagen.
Eg sa eg kunne strikka det eg klarte i går, og det blei eit skjerf/hals som me satte knappar i.
Ho blei veldig fornøgd. Eg glømde å ta bilde av det ferdig.




I går kom endeleg kablane i posten, så nå kan er fortsetta med kofta.
Det er Nancykofte med rundfelling og mønster på bærestykket.




Takk for du legg igjen ei helsing, det er veldig kjekt!
God helg!





lørdag 9. januar 2016

Babykjole

Denne kjolen har tatt si tid sjølv om den er liten.
Sist helg, 1. nyttårsdag, reiste me inn til hytta,
og eg hadde store planar om å strikka mykje på kjolen.
Men den som reiste fra garnet, var meg!
Eg fekk strikka borda nede og så langt det første lilla nøste rakk.
Heldigvis hadde eg lesestoff med meg, så eg kosa meg for det.
Størrelsen på kjolen er 10-12 mnd, så ein skulle tru det var fort gjort.
Men det var mykje montering, alle kanter er strikka med brettekant og sydd opp.
Eg prøvd å strikka kanten opp, men då viste kanten på retta og det var ikkje fint.
Det passer bedre å gjera det på bukser.
Eg brukte garn eg hadde liggande, synes den blei søt.
Dette er og sengmat til ein nabo som har fått ei lita jente.





Det har vore kjekt å strikka smått etter alle dei store koftene,
men nå har eg enda ei kofte på pinnane. Det er ein bestilling.

Mønster, Viking Garn 1105
Garn, Viking Alpakka Silk og litt Mirasol, 200 gr
Pinne 2,5 og 3