søndag 27. september 2015

Holbrook Sjal nr 4

Det blei eit Holbrook Sjal til.
Ei dame hadde så lyst på eit sjal, 
og etter ein pause var det greit å strikka eit igjen.
Håper bare ho blir fornøgd.


Eg veit om ei til som har veldig lyst på dette sjalet,
så eg må nok til med det 5. og.
Men det blir ikkje ennå, ho skal få det til bursdagen sin til våren.


Mønster, Holbrook Shawl av Dee O`Keefe
Garn, Merilla, 38 gr
Pinne nr. 3,5



tirsdag 15. september 2015

Magi-sokker

Endeleg var sokkane mine ferdige, det tok si tid!
Eg hadde fått to nøster som var forskjellige i fargen
sjølvom det var same parti. 
Det var mindre av den rosa fargen og den var lysere. 


Men Rauma sende meg eit nytt nøste, så nå har eg to like sokkar.
Magi-garnet var veldig drygt, 
så eg får eit par sokkar til med litt kortere list.
Eg starta med mønster på sokkane,
men tykte stripe-effekten forsvant i mønsteret.
Derfor blei det glattstrikk i foten.
Var så heldig å ha eit lite nøste med same mørke farge,
det brukte eg i hælen så stripene kunne gå ubrutt i sokken.


Rauma Magi- garn, 57 gr
Pinne 2,5

*

I sist veke hadde me ein flott tur til Telemark.
Der bugner det av bær, så me henta med oss både blåbær og tyttebær.
Tyttebærklasane var så store med flotte, store bær.
Måtte plukka ein bukett og pynta med i campingvogna.
Været var og nydeleg, så me kunne nyta det i fulle drag!



Lørdag var me på Dyrsku`n i Seljord, ein stor marknad med enormt med folk.
Kjekt å vera tilbake igjen, mange år sidan sist.
Me gjorde nokre gode kjøp, til og med garn fant eg!
Nå skal eg prøva Regiagarnet til Arne & Carlos.


*

I dag skulle eg ta bilder av mitt hemmelege prosjekt,
og då ser eg at eg har gjort ein feil!
Nå må eg rekka opp ein del og få retta det opp, 
kan ikkje gi det fra meg med feil i, sukk!
Dokke skal få sjå bilder seinare når den er levert, men det blir ei stund til...

Ha ein fin dag!




mandag 7. september 2015

Eg strikker, men...

Det skulle vore vist noko ferdig her nå,
men det er eit hemmeleg prosjekt, så det kan eg ikkje ennå.
Vedkommande som skal få det veit om bloggen min og 
kan kanskje ta ein tur innom her ;)
Kanskje det dukker opp noko på eit anna forum...

*

Eit par sokkar held eg og på med.
Eg kjøpte garnet på tur i sommar, Magi fra Rauma.
Då eg starta på den andre sokken, 
syntes eg det var mindre av den rosa fargen i garnet og den var lysere.
Eg la dei ved sida av kvarandre og det var ingen tvil!
Ein annan ting var at på bare strikking av lista,
hadde eg truffe på to knutar, Ingen ting irriterer meg meir,
spesielt på sjølvstripande garn.
Eg sende ein mail til Rauma, partiet var det same så dei syntes det var rart.
men etter to-tre dagar låg det eit nytt nøste i postkassen. Flott service!
Så nå blir det to like sokkar på meg :)



Det er nydeleg vær for tida, men den skarpe høstlufta er her.
Sommarfuglane har ikkje gitt opp ennå, ein var på visitt på trappa mi.


Me har hatt nokre flotte solnedganger og.


Håper finværet fortsetter. Me vil ta oss ein liten høstferie og reisa på tur.
Kanskje det blir meir bær på oss, me håper det.
Og eg skal starta på eit nytt stikketøy, har fått bestilling på eit sjal.

*

Ønsker alle som ser innom her ein fin veke!
Tusen takk til deg som legg igjen ei helsing, veldig kjekt!