mandag 24. februar 2014

Jærkofte

Etter mykje om og men var denne kofta og ferdig.
Ja, det skjedde igjen, trådane rakna or sømmen!!!
Det gjekk jo så fint med den første kofta,
så eg gjekk trøstig i gang med denne.
Kofta er strikka i eit anna alpakkagarn, Sandnes sitt,
og det er glattare og ikkje så mykje tvinna som DSA sitt.
Dermed sklei det or sømmen!
Tenkte først at heile kofta måtte i bosset, 
men først tok eg ein telefon til ei flink dame, og ho kom på noko smart.
Tekstil-lim blei førstehjelpa, og det fungerte bra!
Alle klippekantane blei limt og nå håper eg dei held!





Dattera har vore heima i helga, og ho var kjempeglad for kofta.



Knappar med åttebladroser på passer perfekt.



Den var fin på henne, akkurat slik ho ville ha den.
Kofta var på når ho reiste heim i dag :)


Mønster: Jærkofte
Garn: Sandnes mini-Alpakka, 553 gr
Pinne nr. 2,5 og 3

4 kommentarer:

  1. Oi---- så eg kjende lysta til å grina for deg!! Jammen godt du fekk eit supert råd. Kofta er kjempefine! Du må ikkje gjera bloggen din så nifst spennande meir!!! For det er nifst nok frå før å sy og klyppa i strikka plagg!

    SvarSlett
  2. Nydelig kofte! Og aldeles nydelig utført arbeid!!
    Vet godt hva det innebærer når maskene sklir ut av sømmen...
    Skal ta tipset med tekstil-lim med meg videre -var et lurt tips :)

    SvarSlett
  3. Kofta ble nydelig!!
    Jeg opplevde noe lignende da jeg skulle klipe hullene i min første (og eneste) hardangerduk - men da var det jeg som klipte over trådene ved en feiltakelse. Panikk og krise - og Karlsons lim, som var en fast følgesvenn i mitt barndomshjem. for "Karlsons lim limer alt" het det jo i reklamen. Funka fint det!
    Livet som håndarbeider kan bli litt vel spennende noen ganger :-)

    SvarSlett
  4. Herlig kofte du har strikka.
    Klassisk kofte i ekte koftefarger.
    Så flink du er som har strikka denne.

    Mvh.rb

    SvarSlett