lørdag 21. mars 2015

Eit lite tips

Eg har starta på ein jakke, Hverdagsjakken.
Den blir strikka ovenfra og ned, ein grei måte igrunnen.
Det er raglan-auking på den,
og då var det lett at tråden blei stram der eg auka.
Same kor laust eg strikka ville det strame litt.
Då kom eg på å ta eit kast på pinnen omgangen før auking,
kastet strikka eg vridd på aukeomgangen.
Det fungerte godt, ingen strame masker.


Bærestykket har eg strikka to ganger!
Første gangen blei det for stort, 
det er ei fordel å kunna prøva undervegs.
Nå ser det ut som det blir passe, er kome til under armane igjen.


Me har eit nydeleg ver her i dag, så nå vil eg ut og gå ein tur.
Håper du og ser sola. God helg!


tirsdag 10. mars 2015

Bella Tunika

Denne tunikaen skulle det ikkje ta så lang tid å strikka.
Men når eg har strikka den 1,5 gang, tar det lengre tid!
Eg starta med liten rundpinne,
og når eg skifta til stor, klarte eg å ta eit halvt nr mindre pinne!
Eg såg det ble eit skille, men forstod ikkje kvifor,
ikkje før eg skulle ha eit halvt nr mindre pinne til rillekanten nede, 
det var jo den eg allerede hadde strikka med...NEI!!
Då var det bare ein ting å gjera... 
eg rekte opp og strikka nesten heile skjørtet på ny!


Det blei ikkje det kosearbeidet eg hadde tenkt,
men nå er den endeleg ferdig!



Det var umuleg å få rett farge på bilde.
Det er ein lys turkis/grøn farge, ikkje grå.

Mønster: Bella av Lene Holme Samsøe
Dale Alpakka, 142 gr
Pinne 3 og 3,5

*

Ein svoger ønska seg sokkar.
I april har han bursdag og då skal han få to par av meg.


Robust, 124 gr
Pinne 3,5
Ida, 90 gr
Pinne 3