onsdag 31. desember 2014

Årets siste blogg - Godt nyttår!

I romjula har eg fortsatt å strikka votter.
Men desse er små og fort gjort å laga.
Småjentene våre veks og treng nye votter,
eg har strikka 4 par str. 6-9 år og et par 2-3 år.
To av para forsvant før eg fekk tova dei, 


Det er ikkje lett å få gode bilder med dårleg lys.

Garn: Ask Hifa 2, 130 gr
Pinne nr 5

*

Heilt på tampen har eg strikka dokkekler til minstejenta.
Ho fekk dokke til 2 årsdagen, og den treng kler.
Hue og sokkar får koma neste år ;)



Mønster; Strikk koselige klær til 
               dukken, av Målfrid Gausel
Garn: Gjestal Babyull, 79 gr
Pinne 2,5

*

Det er utruleg at 2014 er over, tida går frykteleg fort!
Det har vore eit fint år. Eg har kost meg med strikkepinnane,
og det har blitt laga ein del i år og.
Mest fornøgd er eg med dei tre koftene eg har strikka til døtrene mine
og jakka til meg sjølv.
Eg har ført rekneskap med garnforbruket i år og.
Det kom opp i 10.145 kg.
Det er er ganske jevnt fra år til år, ligg rundt 10 kg dei siste 3 åra.


*

Eg vil takka alle som leser skribleriene mine for i år!
Takk til dokke som legg igjen ei helsing, det er kjempekoseleg!

Då vil eg ønska dokke alle, både kjente og ukjente
(skulle gjerne visst kven du var) 
eit rektig godt og kreativt nytt år!

Nyttårsklem fra Wenche









onsdag 24. desember 2014

Julehelga er her :)

Då var jula komen, veldig som tida går!
Huset er klart, og snart skal eg skrella potetene til i kveld.
Det blir ribbe her i huset, gleder meg!

Kl 11 i går kveld felte eg av eit par votter som skal bli gave i kveld.
Snakk om å vera ute i siste liten!
Eg brukte ei oppskrift i strikkeboka til Gerd Fjellanger
og gjorde min egen vri. Det var spennande om det var nok garn, 
det gjekk bra, heldigvis! Desse skal min far få.



Mønster: Gerd Fjellanger si Strikkebok, med egen vri.
Garn: Ask og Baby merino. 80 gr
Pinne nr 2,5.

*


Då vil eg ønska alle mine lesere ei velsigna god julehelg!







lørdag 20. desember 2014

Fleire votter

I boka, Strikkeboka av Gerd Fjellanger,
fann eg oppskrift på fine votter. Dei kom fort på pinnane.
Er visst kome i vottemodus for tida.



Fargene er to lyse grå, ikkje lett å få det på bilde for tida.
Og ja, det er eit par votter til på pinnane ;)

Mønster, Strikkeboka av Gerd Fjellanger
Ask garn, 56
Pinne nr. 2,5
*

Det har blitt liten tid på nett i det siste.
Litt juleforberedelser er det, mangler bare juletreet her nå.
Og den siste veka har det vore mykje vær her.
Lyn og torden nesten kvar dag, då er det ikkje kjekt å vera på nett.



Det er kome ein del snø, ser ut for me skal få ei kvit jul.

God helg, ikkje stress for mykje ;)







søndag 14. desember 2014

Jul i skogen :)


I helga lager me til kos i juletreskogen.
Folk som vil hogge seg juletre kan få kaffi, saft og pepperkaker.
Grilla pølser og pinnebrød er og kjekt.
Det er bare været me ikkje er fornøgd med.
Snø har me, men i dag regner og bles det.
Er spent på om det dukker opp nokon 
som ikkje lar seg skremma av været.




fredag 12. desember 2014

Manu-votter

For ei tid tilbake strikka eg ei manchester united hua til eine svigersønnen.
Eg fekk eit hint om votter og, men det hadde eg ikkje mønster til,
så det har eg ikkje tenkt på. Før nå.
Etter å ha strikka eit par rosevotter, 
fekk eg lyst til å prøva å laga eit mønster sjølv.
Det gjekk greit, alle tre motiva fekk plass på votten.
Resultatet blei ganske bra, eg er godt fornøgd.
Men eg er spent på om dei passer, dei ser litt store ut.
Han skal få dei til jul, så får me sjå om dei må fiksast på etter jul.
Eg har ikkje vaska og blokka dei ennå, men slik blei dei.
Fargen er lys grå, ikkje kvit.


Mønster, eget etter Manchester united hua.
Ask og Rauma finull, 84 gr
Pinne 2,5


*

I dag har eg vor flink og gjordt meg ferdig med bakinga til jul.
Ein sort småkaker, colakaker har eg laga, og ambrosiabrød.
Då har eg tre sorter småkaker + havrekjeks, og det får vera nok.

Magen min tåler ikkje melk lenger, 
så eg prøvde med kokosmelk og litt vatn i ambrosiabrøda.
Det gjekk godt, dei blei kjempegod.
Kanskje eit tips til andre med same problem.



*

Då kom vinteren hit og, me fekk masse snø i natt.
Det er kanskje håp om ei kvit jul i år og.






søndag 7. desember 2014

lørdag 6. desember 2014

Fleire sokker

Det har gått i sokkestrikking i det siste.
Fekk bestilling på 3 par, 2 mannfolksokker og 1 til dame.
Dei er heilt enkle, strikka i Robust, eit godt og slitesterkt garn.
Det grå paret er med falske fletter og
det lilla til dame er med fletter.




Robust garn, 127 og 132 gr
--------         100 gr
Pinne nr 3,5
*


Margerittene mine blomstrer for fullt ennå og det er ei og anna rose på rosetrea.
Utruleg, det er jo snart jul!
Men det kom litt snødryss her ein dag, ein liten smak av vinter.



I morgon skal me allerede tenna det andre adventslyset.
God søndag :)



onsdag 26. november 2014

Rosevotter

Det nermer seg jul med raske skritt, allerede advent til helga!
Me har hatt så mild haust at eg kjem ikkje på me er kome så langt.
Men eg har begynt å sysla med julepresanger,
og nå har eg strikka nokre gaver.
Desse rosevottane fant eg oppskrift på i Tove Fevang sin blogg,
og den er gratis. www.tovefevang.no
Rosemønster synes eg er fint, og desse  likte eg veldig godt.





Det er vanskeleg med gode bilder, men fargen er lys,lys grå og koksgrå.
Det lyse er Hifa Ask og det mørke er Rauma finull.
Eg har strikka vrangbord i linninga. 
Det skulle vore mønsterstrikk der og, men då ville den blitt like vid som votten.
Synes det er betre når linninga ligg tett inntil armen og
ikkje slepp inn kald luft.

Mønster, Votter og pannebånd av Tove Fevang
Garn, Hifa Ask og Rauma finull, 64 gr
Pinne nr 2,5
*

Eit par mannesokkar er og ein julepresang.
Synes det er kjekt med litt mønster, det friskar dei opp.
Sokkane var for store til modellen ;)


Mønster, eget
Garn, Robust, 129 gr
Pinne nr 3,5
*

Nokre dokkekler til eit bursdagsbarn har det og blitt.
Har strikka to brudekjoler, men den eine for ut døra før det blei tatt bilde.


Bomullsgarn, 80 gr
Babyull. 44 gr
Pinne 2,5
Det blir den 6. bursdagsfeiringa på ein måned i helga,
harde bud nå før jul!

*

Takk til dokke som er innom her,
veldig kjekt om du tar deg tid til å legga igjen nokre ord :)









søndag 16. november 2014

Barbie-garderobe

På julemessa synes eg det er kjekt å ha litt til ungane og.
Har laga nokre klær til Barbie tidlegare, 
og desse setta har eg strikka no i innspurten.













Bomullsgarn, 102 gr
Babyull, 163 gr
Pinne nr.2,5


Julemessa var no i helga. Eg kunne ikkje vera med sjølv,
men strikkearbeid har eg i alle fall bidratt med.


Nokre huer blei det og.




Alfa garn, 73 gr
Rubin garn, 94 gr
PT5 sport, 47 gr
Pinne nr 4

*

Må bare visa dokke kva eg fant i hagen i går.
Tenk, i midten av november kan me finna nydelege roser!
Me hadde nokre venner på besøk, 
og då var det kjekt å pynta bordet med roser fra hagen.




onsdag 5. november 2014

Sokkar, sokkar og sokkar

Det er sokkar som har vore på pinnane den siste tida.
Det er innspurt til julemessa og mannfolksokkar blir alltid selde.
4 par strikka i diverse raggegarn er ferdige, 
og eit par i Labbetussgarn til mindre føtter.



Ei datter har snart bursdag, og til henne har eg strikka Polyhymnia,
eit mønster i boka til Bitta Mikkelborg.
Sokkane blei først lause i lista når eg strikka mønster rundt heile leggen.
Eg rekte opp og strikka vrangbord bak, då held dei betre.






Mønster: Polyhymnia av Bitta Mikkelbrg
Ida garn, 77 gr
Pinne nr 3

Diverse Raggegarn, 412 gr
Robust garn, 132 gr
Labbetuss garn, 84 gr

Min kjære mann hadde bursdag i går, han blei 60 år.
Me hadde ei knallkjekk helg og feira med familie og venner på lørdag.
Jentene våre hadde laga kjekt program og me kosa oss ein heil haug.
Timane gjekk så altfor fort, men det er vel eit teikn på at det var vellukka.



Ha ein fin kveld!

onsdag 29. oktober 2014

Ruter - Jakke

Endeleg! Då var knappane på plass på jakken.


Det har tatt si tid med denne jakken, men nå er den ferdig.
Å strikka den var kjekt, men alle trådane som måtte festast,
ca 300, var ikkje så kjekt!
Stripene som går loddrett er hekla på etterpå, det tok og tid med 36 striper.
Eg strikka ein vrang maske som eg hekla i, 
og då la maska seg fint nedi og blei jamt med dei strikka maskene.
Kanskje eit tips å ta med seg?



Eit barnebarn blir 12 år i november og denne blir ein del av presangen.
Håper den passer og at han liker den, han er i alle fall glad i desse fargane.



Eg blei godt fornøgd med resultatet, det var verdt jobben!


Mønster: Ruter - Jakke fra Du Store Alpakka
Garn, Sterk, 470 gr
Pinne nr 3,5 og 4


søndag 19. oktober 2014

Luer og sokker

Denne lua likte eg veldig godt fasongen på.
Måten øyreklaffane er strikka på var enkelt og smart,
nemleg med forkorta omgangar.
Fellingane gir og ein fin avslutting på lua,
og eg strikka ein liten I-cord som knytes på toppen.


I lageret mitt har eg hatt liggande nokre nøster mohairgarn.
Det er eit garn eg ikkje er så glad i, og har lurt på kva dei kunne brukast til.
Til desse huene var det midt i blinken,
har brukt ein tråd mohair og ein tråd babyull eller mini-alpakka.
Det blei mjuke og fine huer, to str 2-3 år og tre str 5-7.



Du kan finna oppskrifta HER
Skroll litt ned på sida til du kjem til overskrifta, Pattern.
Der finn du ein PDF link der du kan printa ut oppskrifta 

Oppskrift: Garter Ear Flap Hat, av Purl Solo
Garn, Mohair, minialpakka og babyull, 216 gr
Pinne nr 5

*

To par sokkar har eg strikka innimellom jakke og huer.
Ja, jakken er ferdig, men den skal eg blogga om når eg har fått tak i knappar.



Garn, Ola, 120 gr Robust, 119 gr
Pinne ner 3,5




torsdag 9. oktober 2014

Nurmilintu sjal

På reisa mi til Bergen måtte eg ha eit reisestrikk med meg.
Eg har hatt ein hespel Skinny Bugga liggjande,
og det garnet passa fint til Nurmilintu sjalet.
Det var kjekt å strikka og blei passe stort,
kan brukast både som sjal og skjerf.
Dette sjalet likte eg godt, kjem sikkert til strikka fleire.



Fargen er blå og lilla.


Mønsteret fant eg gratis på Raverly, du kan finna det HER

Mønster: Nurmilintu av Heidi Alander
Garn, Skinny Bugga
Pinne nr 4

*

Takk for kjekke innlegg på bloggen,
der er koseleg å høyra fra dokke :)

God helg!