torsdag 25. februar 2016

Genser med raglanfelling

Ja, det blei raglanfelling på genseren og det gjekk veldig bra.
Synes det passa godt til mønsteret på denne genseren, 
eg strikka to masker mellom fellingane.
Det har vore eit drygt arbeid, denne genseren.
Eg veit ikkje kvifor, men eg gjekk lei så eg måtte ta meg isamen for å få den ferdig.
Den skal vera gevinst på basaren foreninga vår skal ha etter påske.
Det er eit herleg garn å strikka med, Viking Alpakka Silk.
Dessverre er det gått ut nå.

Garn, Viking Alpakka Silk, 619 gr
Pinne 3 og 3,5

 *

Nå blir det lappestrikking til Vivid-teppe mitt.
Eg strikker det i multifarga Kauni, farge EF.
Eg blei ikkje fornøgd med fargane, synes det er for mørkt.
Sånn er det når me handler på nett, fargane er ofte mørkare enn bilde viser.
Fargane går i blå, lilla og grønntoner, eg har ikkje kome gjennom alle enda.
Kanskje eg må ha nokre lys grå lapper i tillegg?
Det får eg tenkja på...



Det skjedde med eit herleg Merinogarn eg spanderte på meg og,
fargane var mykje mørkere enn bilde viste på nettbutikken.
Det er bare så mjukt og herleg dette garnet,
Dei passa godt isamen og, så eg må finna eit fint mønster til eit sjal
i to fargar.




Det er snart helg att. Eg gleder meg til koseleg besøk av ei venninne i helga.
Då blir det masse strikking og ein god prat, herleg!

God helg til dokke og!






tirsdag 16. februar 2016

Skal - skal ikkje...

Det går ikkje fort med strikkeprosjektet mitt for tida, eg er rett og slett gått lei!
Det er ein herregenser på pinnane mine nå,
skal bli gevinst på basaren vår etter påske.
Hadde lyst å strikka raglanfelling, 
men er ikkje sikker på om det vil stemma i halsen når eg ikkje har oppskrift.
Fant ei oppskrift på Drops, men der var det fleire masker på armane enn eg har, hmmm...


Merkeleg med fargane, den er mørk blå, ikkje grå.


Eg måtte ha litt pause, så det blei to par tova votter til eit barnebarn
som ønska seg nye. Dei han hadde var for små.


Garn, Safir, 100 gr
Pinne nr 5

I går måtte eg finna på noko anna og la opp til ein lapp i eit Vivid-teppe.
Det har eg lenge hatt lyst til å strikka og endeleg har eg begynt.
Strikker det i Kauni garn.


I sist veke fekk eg ein bukett nydelege roser, vil dela den med dokke.