fredag 25. april 2014

Strikk i påsken.

Me har hatt ei flott påskehelg med strålande sol og 18 - 20 grader!
Bare ein dag med regn, og då regna det bøtter og spann.
Det grønkar for kvar dag, snart er bjørka heilt utsprunge her.
I påsken har me vore på hytta og hatt gode avslappande dagar.
Me har hatt besøk, slappa av i solveggen med strikketøy og bok,
hatt familiesamling og kokt egg og grilla,
vore på besøk, ete mykje god mat og litt påskesnop og
gått fleire turar i skog og mark.
Det kunne ikkje vore betre!


Strikketøyet har vore med over alt, men det har ikkje gått fort for det.
Når det går to skritt fram og eit tilbake, seier det seg sjølv,
det har altså blitt mykje opprekking!
Det går i hønsestrikk for tida. 
Eg hadde så mykje rester i alpakkagarn i mange fargar,
og då var det ein fin måte å bruka dei på.
Men eg har ikkje noko oppskrift, 
så då går det på prøva og feila metoden.
Eg kjøpte boka Hønsestrikk til folket, 
og den er det mykje fint i som eg bruker.
Størrelsen er ca 8 år, tanken var 6 år, men betre for stor enn for liten.


Litt dokkeklær strikka eg og, men dei har eg ikkje bilde av ennå.
3 klutar var fedige før påske.



Mor Aase garn, 100 gr
Mandarin petit, 50 gr
Pinne 3,5
Denne veka har vore kort, det er alt helg igjen.
Sitronkaka til Rigmor har eg prøvd i dag, 
men eg fekk den ikkje så høg og flott som henne.
Viss den er god, blir den med på basar i morgon.
Då blir det den årlege basaren til forreninga vår.
Mitt bidrag denne gang er eit teppe.



God helg!




mandag 14. april 2014

Barbie

Etter alle koftene hadde eg lyst til å lage noko mindre,
og smått blei det!
Barbieklær har stått på programmet.
Sjølv om det er smått, tar det tid på pinne 2 og 2,5,
men ein liten garderobe har det blitt.






Eg kom over ei svensk side med mange oppskrifter, over tusen kreasjoner!
Der var det bare å forsyna seg, og alt var gratis.
Klikk på nummera på venstre side så får du opp masse fint.
Oppskriftene er på fleire språk, nokon på norsk og i alle fall på svensk og dansk.

Restegarn babyull, 79 gr
---------   bomull  36 gr
Pinne 2 og 2,5

*

Då nermer det seg påske, nokon har vel alt starta på påskeferien.
Ønsker dokke ei rektig god påskehelg og kos dokke!








mandag 7. april 2014

Skaugum kofte

Ta daaa....!! Kofte nr tre er ferdig!
Da har alle tre døtrene våre fått kofte.
Denne er strikka i Babysilk, 80% babyalpakka og 20% silke.
Eg var skeptisk til å klyppa i det då det var silke i,
rekna med det var eit glatt garn.
Men etter å ha prøvd å klyppa i ein prøvelapp,
såg eg det ville gå bra.
Har sydd i knappar i dag, og nå er kofta klar for levering.






Monteringa har tatt si tid, det var rett og slett for fint vær i sist veke.
Då prioriterte eg å vera ute i sola. men nå er det gjort!




Tatt på kvelden med blitz og er mest lik i fargane.


Skaugum kofte
Babysilk fra DSA, 650gr 
Pinne 3 og 3,5