søndag 28. juni 2015

Ein liten oppdatering

Det er ikkje mykje som skjer her på bloggen min for tida.
Grunnen er at eg held på med to store arbeid,
det går ei tid før eg blir ferdig.
Har ikkje hatt den store strikkedilla heller,
men det går sakte men sikkert rette vegen.

Det eg strikker mest på nå, er ei kofte til min far.
Han skal få den til jul, så det er god tid.
Men eg har planar om fleire julepresangar, 
så det er greit å starta i god tid.


Teppe mitt veks litt det og, eg slapper av med rillestrikk.
Det er ca 1,5 meter langt, eg har ein halvmeter igjen.


I dag hadde me ein fin kjøretur til preikstolhytta saman 
med foreldrene mine og ei tante.
Der kjøpte me oss god middag.
Det er nydeleg der oppe og det blei varmt og fint, 
18 gr, sjølv om sola ikkje var framme.
Det er ikkje ofta me har sett den tempen i sommar!
Tok eit bilde av utsikten over vatnet og den gamle turisthytta.







onsdag 10. juni 2015

Holbrook nr 3

Det er ikkje så spennande blogg dette, den er nesten lik den forrige.
Ikkje har det vore spennande å strikka dette sjalet heller,
kan trygt sei at det blir ei stund til neste gang eg strikker Holbrook.
Eg starta på dette med tanke på venninna mi,
men ho ville ha det same garnet eg hadde brukt i mitt sjal.
Eg var komen så langt på det at eg rekte det ikkje opp,
og eg veit det er ei som er interessert i å kjøpa det.
Problemet er kva eg kan ta for det, 
det er veldig vanskeleg med pris på handarbeid.
Er det nokon som har eit forslag?


Har strikka dette i Drops lace som er baby alpakka og mulberry silke.
Det andre er i merinoull og akryl.




Her er dei begge to og begge er offwhite.
Godt å vera ferdig!
Holbrook Shawl
Garn, Drops Lace, 60 gr
Pinne nr 3,5

*

Teppe veks sakte det og, er greit å strikka rillestrikk til TV.
Det har ikkje vore problem med varmen heller,
det går veldig greit å strikka i ull om det snart er midtsommar.
Triste greier med været, har nettopp fått planta sommarplantene ut,
får tru det er slutt på frost og haglbyger nå.




Tusen takk for koselege kommentarer!