torsdag 27. desember 2012

Fortsatt god jul!

Eg hadde tenkt å skriva ein blogg for å ønska dokke ei god jul.
Men så kom stormen og la ned nettet her.
Det var ikkje oppe å gjekk igjen før julafta formiddag,
og då hadde eg ikkje tid å setta meg til med dataen.
Me hadde alle (13 stk) på graut, så heile formiddagen gjekk med til forbereding.
Og etterpå har det gått slag i slag.
Me har kost oss samen med familien og hatt ei fin jul.
Det håper eg dokke og har hatt!
Eg fekk så flott mobiltelefon til jul,
men får ikkje lagt inn bilder på nett med den ennå.
Derfor blir det bilde fra i fjor ;)
 
Ha ei fin romjulstid!
 
 


tirsdag 18. desember 2012

Sjå denne fine...

Julekrybba.
 
Sønnen til et vennepar av oss var i Tanzania i høst.
Han er med på et hjelpeprosjekt,
dei samler inn penger til ny traktor og
reiser ned ein gang i året og hjelper med pløying av ny åker.
 
En mann der nede har gjordt det til eit levebrød å lage diverse av banantre.
Denne julekrybba er noko av det han lager,
og eg synes den er så spesiell og fin!
Hadde lyst til å vise dokke den,
sjølv om det ikkje har noko med strikking å gjera.
Det er jo snart jul ;))
 
 
Når du opner dørene til stallen, finner du alle de fine figurene.
 
 
Ønsker dokke alle ei fortsatt god adventstid!

torsdag 13. desember 2012

Julegavene ferdig

Me skal feira jula hjå datter Torill med hennes familie.
Dei har tre små gutter, så det blir nok liv i leiren ;)
Svigerforeldrene hennes kjem og,
og då må dei jo få ein liten julegave.
Dei skal få kvar sitt par selbuvotter,
eg har felt av den siste votten i kveld.
 
 
 
De er strikket i Østlandsgarn.
Eg har bare oppskrift på damestørrelsen, den strikket eg på pinne 3,5.
På herrevottene brukte eg pinne 4, då blei de passe store.
 
 
Oppskriften fant eg på bloggen til uelegant.net, prøver å legge inn link: Her
 
Nå er det dei siste 4 lappene til årsteppe som skal på pinnene,
gleder meg til å strikke dei samen!
 
 
 
 
 
 
 
 


fredag 7. desember 2012

Sokker til liten og stor

Snuppå hadde bruk for fleire par sokker,
og då strikker mormor, vet du :)
Det er bare blitt et par ennå, resten får vente til etter jul.
 
 
Ein ung mann gjorde meg ein tjeneste,
og han ville ikkje ha noko for det.
Eg veit at mor hans kan ikkje strikke lenger,
og han er glad i strikka sokker, så då blir det ein liten julepresang.
(kanskje med litt anna oppi og ;)
 

 
Dei fleste lyslyktene eg laga, blei selde på julemessa.
Eg har to små igjen i lilla, så i dag hekla eg meg et større.
 
 
Tenk, då er det fredag igjen, vekene fyk!
I kveld skal me på julebord, gleder meg til god julemat.
 
Ønsker alle som ser innom her ei god helg, kos dokke :)

 

 

 


mandag 3. desember 2012

Ferdig i siste liten!

Ja, det var i siste liten genseren blei ferdig.
Kvelden før bursdagen blei trådane festa,
og då hadde eg strikka og rekt opp et par ganger på raglansfellinga.
Den fellinga var ikkje i oppskrifta,
så eg tok det etter eget hode, blei bra til slutt ;)
Garnet er Sandnes mini alpakka,
det held seg like fint i vask etter vask.

Snuppå blei 3 år på lørdag, og då fekk ho blant anna dette settet.


Det måtte prøvast, og det er til å vokse i.
Strikka det i str 3-4 år, men armer og bein tok eg litt lengre.


I helga blei det et par sokker og.
Dei tok eg bilde av inne med mobilen, så dei blei ikkje lilla,
men dei er same farge som genseren.


Nå har eg SÅ lyst til å strikka lappar til årsteppe mitt!
Fekk mønster til dei siste to lappane for desember,
og det blir ein flott avslutning!
Det var perlestrikk, men allikevel blir det spesielle lappar.
Ikkje har eg strikka lappane for november ennå heller,
stadig er det noko som skal strikkast først!
Ennå er det nokre julegaver som venter, så arbeidslaus blir eg ikkje!

Her kom snøen i helga, ca 15 cm!
Eg synes det er for tidleg ennå, kunne venta til jul, men...

Ønsker dokke alle ei fin veke :)