torsdag 26. april 2018

Spinning - ein ny hobby.

Det er aldri for seint å læra noko nytt.
Å spinna har eg lenge hatt lyst til å prøva, og nå fekk eg endeleg sjangsen.
Eg er så heldig å kjenna ei dame som er blitt så flink til å spinna.
Av henne fekk eg ull - forgarn - til å prøva meg på, og då måtte ho koma hit og visa meg.
Me hadde nokre kjekke dagar med nydeleg vær,
karding og spinning på terrassen, strikking fekk me og tid til, kjempekoseleg.
Det kom to damer til og ein dag og fekk lært seg spinnekunsten,
og me hadde ein flink lærar!
Så nå må me bare øva videre, det var ikkje så enkelt å få til.
Men eg er godt fornøgd med det første garnet mitt, spinna av forgarn.








Nå prøver eg meg på å spinna av karda ull, karda på maskin, det var litt verre å få til.
Blir spennande å få tråden av spolen, tenker det blir meir variasjon på det garnet.
Eg prøvde meg å karda for hand og, må skaffa meg nye kardar.









Tusen takk, Sølvi, for nokre knallkjekke dagar!
Håper me kan treffast snart igjen!




fredag 20. april 2018

Sinnasau Genser

Sinnasau genseren er kjekk å strikka.
Den strikkes ovenfra og ned, og striper liker eg veldig godt.
Eg har strikka med den tredje fargen bak sauene denne gang,
synes det framheva sauene og friska opp genseren med kvitt.
Mønsteret er av Ann Myre, Pinneguri.
Garnet er lammeull som eg har farga, og genseren, i str. 5 år, blir med på messa.







Mønster, Ann Myre
Lammeull, 170 gr
Pinne 3 og 3,5
'*





søndag 8. april 2018

Bellakjole

Denne påsken hadde eg planar om å strikka mykje.
Me var på hytta og hadde det stilt og roleg.
Men det blei mykje ferie fra strikkinga og, det var rett og slett godt å ta det roleg.
Men eg strikka ein kjole str. 4 år, Bellakjole av Lene Holme Samsøe.
Den har ligge her ei veke og mangla knapp og hempe, det fiksa eg i dag.
Garnet er lammeull som eg har farga sjølv, og den skal vera med på messa. 




Av ein rest farga shetlandsull, strikka eg eit par babyvotter.



Bellakjole, Barneklær på pinne 3,5
Farga lammeull, 134 gr
Pinne 3,5

Votter, Shetlandsull, 16 gr

*

I veka som kjem får eg koseleg besøk.
Då skal eg prøva meg på noko nytt, nemleg å spinna.
.Eg fekk ein pose ull rett fra sauen i dag, og litt av den har eg vaska.
Det blir spennande om eg får det til, har lenge hatt lyst til å læra å spinna.