torsdag 31. desember 2015

Sengmat

På årets siste dag blei eg ferdig å montere denne kjøreposen.
Den er strikka i str. 3-6 mnd. til ein liten gutt som blei fødd rett før jul.
Synes desse posane er så kjekke, det er den 3. eg har laga nå.
Eg lager hol til selen i bilsetet, det står ikkje i oppskrifta,
og eg strikker dei ein del lengre, dei er veldig korte i mønsteret.
Det er jo kjekt om posen kan brukast ei stund, dei små veks fort.






Mønster: Viking Design nr.1114
Garn, Grå Baby Merino, 208 gr
Blå Gjestal Babyull 
Pinne nr. 2,5 og 3
Kanskje eg må strikka hua til og,
hadde vore fint i same mønster.

*

Det blei som eg trudde, eg måtte strikka ei ny hua til eine barnebarnet.
Du kan lesa om huene i forrige blogg, den eine blei veldig stor etter vask.
Han ville ha akkurat lik den han fekk til jul.
Lillesøstera tok hua på, den var stor for henne 
men den var passe til broren.


Garn, Gjestal Sportsragg, 84 gr.
Pinne nr 4

*

Dei siste åra her eg holdt rekneskap me kor mykje 
garn eg strikker opp. Det ligg veldig jevnt, rund 10 kg i året,
og i år blei det 10,533 gr - 210,7 nøster.

*

Tenk, 2015 er snart over, tida går veldig fort.
Det er vel eit bra teikn, me kjeder oss ikkje me som strikker!

Ønsker deg og dine alt godt i det nye året!



søndag 27. desember 2015

Ullbukse Kalaloch

Den 6.sept var eg ferdig med denne ullbuksa str. M.
Det var ein julepresang til dattera vår, og siden ho veit om bloggen,
tok eg ikkje sjangsen på å visa den her før nå.
Oppskrifta fann eg på Ravelry, og den heiter Kalaloch
Buksa er god på fasong, eg likte den veldig godt.
Grei å strikka var den og, viss du liker å strikka fletter då...
Ho har ein kald arbeidsplass og har lenge ønska seg ullbukse.
Denne er i Viking Alpakka Silk garn, veldig godt å strikka med,
og det loar ikkje så mykje som anna alpakka garn.
Men nå er det garnet dessverre gått ut.






Oppskrift, Kalaloch av Andrea Rangel
Viking Alpakka Silk, 438 gr
Pinne nr 4


Buksa passa heldigvis og blei godt mottatt.
Veldig kjekt når det ein lager blir satt pris på.





onsdag 23. desember 2015

Huer til Jul

Dei skal ikkje frysa på øyrene, guttane våre, i vinter.
Eg har 5 gutte-barnebarn, og oppi julepresangane fra oss ligg 
det blant anna kvar si hua.
Eg har ikkje brukt mønster, dei er blitt til etter som eg har strikka.
Istedenfor vrangbord har eg strikka forskjellige flettemønster.
Den eine blei større etter vask, eg må kanskje strikka ei ny etter jul,
men håper den passer.







Perfekt garn, 164 gr
Senjagarn, 86 gr
DSA Sterk, 93 gr
*

Då var det jul i heimen, treet er pynta og alt er klart.
Me venter den yngste dattera og jentene hennar heim i dag,
mannen hennar må dessverre jobba i jula.
I morgon samlast heile familien, me blir 17 stk. 
Det blir koseleg når alle er saman, gleder meg!





Ønsker alle ei rektig GOD JUL!





onsdag 9. desember 2015

Ka'ana Shawlette - nr 2

Då var det andre Ka'ana sjalet ferdig, det er raskt og kjekt å strikka.
Dette skal til ei dame som har bestilt det.
Eg har i grunnen strikka 3 stk, men har ingen sjølv,
så ein gang må det bli eit til meg og. 
Synes det er passe stort, eg liker ikkje når det blir for mykje rundt halsen.

Mønsteret finnes på Raverly, og det er gratis.
HER kan du finna det.







Mønster, Ka,ana Shawlette
Garn, Drops Baby Alpaca Silk, 105 gr
Pinne nr. 3,5



Tusen takk for koselege kommentarer på dei siste innlegga mine!
Setter stor pris på dei!


Ha ei fortsatt god adventstid!

mandag 7. desember 2015

Mollykofte

Endeleg ferdig med kofta!
Den siste finishen har gått tregt, eg blei rett og slett lei!
Rundfellinga måtte eg tippa meg til, 
for denne kofta er mykje større enn oppskrifta går til.
Eg har strikka litt etter mitt eige hode.
Det blei ei ekstra bord oppe ved halsen for å få den høg nok,
og nokre forkorta omganger for å få den høgare i nakken.
Dei smale, rillestrikka stolpane liker eg ikkje, 
så eg strikka vanlege i rette og vrange masker både framme og rundt halsen,
og eg tok dei i bunnfargen.
Kofta er ein julepresang, så eg har ikkje fått prøvd den på ennå,
det blir spennande om den passer!!
Eg fann nokre fine perlemorknappar som gjekk godt til kofta.




Så er det dette lyset for tida, lillafarger er ikkje lett å få rett,
men det første bilde er best.

Mønster, Molly Kofte, 706 gr
Garn, Viking Alpaca Silk
Pinne nr 3 og 3,5

onsdag 2. desember 2015

Ka'ana Shawlette

Eg måtte ha eit enkelt arbeid innimellom koftestrikking.
Dette sjalet/skjerfet går fort unna og er kjekt å strikka.
Ei venninne har snart bursdag, og då skal ho få det.
Eit nytt er på pinnane, det er ein bestilling.



Lyset er ikkje bra for tida og grått mot grå vegg var ikkje det beste...


Mønster, Ka'ana Shawlette
Garn, Drops Baby Alpaca Silk, 106 gr
Pinne nr 3,5
*

Det er godt å slappa av med litt småstrikk av og til.
Fekk ein bestilling på sokkar og tova votter til ein to-åring.


Sokker i Fabel, 26 gr
Votter, Hifa Ask, 18 gr


*


Tenk, då er det alt advent, utruleg at det snart er jul! 
I dag har eg baka den første kakesorten, colakaker.
Det skal ikkje bli så mange sortene, kanskje 2-3 til.
Eg har slutta med stresset før jul, me må ta oss tid til litt kos og.

Ønsker dere ei god og koseleg adventstid!





torsdag 19. november 2015

Ugler og litt til

Julemessa er over, og det gjekk over all forventning!
Det blei rekordsalg, kjempebra! 
Eg har ikkje vist det siste av mitt lille bidrag,
eit par pulsvanter og to pannebånd.



Desse pulsvantene fann eg ei gratis oppskrift på.
Oppskrifta var i tjukkere garn og dei skulle strikkast fram og tilbake og syast samen,
Eg strikka dei etter mitt eige hode og sjølvsagt rundt,
minst muleg sying er mitt motto!
Brukte bare oppskrifta på uglene.
Augene er knappar som eg var heldig å finna.

Oppskrift på Owl Mitts finn du HER




Drops Merino ekstra fine, 80 gr
Iglo Soft, 38 gr

*

Nå held eg på med eit større prosjekt, ei kofte til.
Den er i stor størrelse, strørre enn oppskrifta seier, med rundfelling.
Det blir spennande om bærestykket blir passe, 
er ikkje lett å veta kor mykje eg skal fella om gangen.
Kofta er julepresang, så eg får ikkje prøvd den på før den er ferdig,
spennande, spennande...!!











søndag 1. november 2015

Duchess of Devonshire

Eg har vore med på ein KAL på ei gruppe på Raverly.
Kay Jones, på podcasten Bakery Bears, har designa eit sjal.
Ho selde mønsteret til halv pris og starta ein KAL.
Mønsteret var enkelt og fint så eg slengde meg på.
Eit sjal hadde eg bruk for til den nye svarte jakken min,
der er glidelåsen og eit par små detaljer i denne rosa fargen.
Tenker dette sjalet vil friska opp til det svarte,
det er litt sterkere gammelrosa enn på bilde.



Fasongen blei litt rar i halsen, men eg fekk blokka det ut.
Det blei bra til slutt og passe stort.
Garnet, Hverdags, var veldig godt å strikka med og det er mjukt og godt,
første gang eg prøver det. 
Det er ein blanding av alpakka og peruviansk ull.
Bare så synd det går ut nå.


Duchess of Devonshire av Kay Jones
Garn, DSA Hverdags 130 gr
Pinne nr 3,5 og 4

*

Takk for du ser innom og ha ein god søndag!



fredag 23. oktober 2015

Diverse Småstrikk

Det har gått på raske prosjekter i det siste, ei liten innspurt til julemessa.
Ikkje noko spennande, men plagg som dei fleste treng.
Prøver å bruka av garnlageret mitt, det blir bare større og større...
Nokon som kjenner seg igjen?

2 luer, 2 pannebånd, eit par pulsvarmere og eit par sokker har eg ferdig.








Dale Freestyle, 84 gr
Sila, 92 gr
Schachenmayr smc, 73 gr
Gjestal Sportsragg, 149 gr
*

Me hadde ein tur på sjøen ein dag i det fine været som var.
Det er nydeleg når sjøen ligg blank og dei fine haustfargane speglar seg i sjøen.


Litt fangst blei det og, den eine krabben såg stygt på meg!



Eit fat med litt av høstens gleder :)
God Helg!







fredag 16. oktober 2015

Lue og Hals

Det er strikking til julemessa som står på programmet for tida.
Messa går av stabelen i midten av november, så det er ikkje mange vekene att.
Derfor strikker eg småting som går fort.
Denne lua fann eg i boka Myke Masker, og eg laga ein hals i same mønster.
Garnet Balder er mjukt og varmt, det blei enda mjukere etter vask.
Bare synd at garnet går ut!




Viking Balder, 282 gr
Pinne 7 og 8
60-79 masker

Og to par sokker til i Gjestal Sportsragg, eit godt og slitesterkt garn.
Det er mjukt og godt og strikka med, anbefales!



Gjestal Sportsragg, 397 gr
pinne nr 3,5
*

I dag har eg besøk av ei jente som kom tidleg heim fra skulen.
Sola skin og det er nydeleg ute, så me må ut på tur.
Kakao og kjeks til niste er stas.

God helg, veldig kjekt du ser innom :)



torsdag 8. oktober 2015

Uglefamilie

Det går fort mot julemesse og eg har ikkje fått strikka mykje til den i år.
Derfor held eg på med nokre småting som går fort å laga.
Desse uglene var kjekke å strikka, og ungane her fekk veldig lyst på!
Det blir nok nokre ugler i adventskalenderane og...


Restegarn, 170 gr
Pinne 3,5


To par manfolksokkar, ikkje så spennande, men dei blir alltid selde.


Olagarn, 226 gr
Pinne 3,5
*


Eg kjøpte nokre nøster bomullsgarn hos Søstrene Grene.
To klutar har eg strikka, og sjå forskjellen på størrelsen!
Eg strikka opp heile nøstene, det eine var 48 gr og det andre bare 39 gr,
det skal vera 50 grams nøster.


Søstrene Grene, 87 gr
Pinne 3,5


I helga tok me ein tur til Oltedal.
På Lofthuset hadde dei supert tilbud på Viking alpakka silk og Balder
Det garnet skal gå ut, så dei selde det ut i kg-posar.
Eg har nettopp strikka i Alpakka silk, og eg likte det veldig godt.
Dermed blei det nokre kg med heim...




Nå er det bare å setta opp farten på pinnane!

God helg!



søndag 27. september 2015

Holbrook Sjal nr 4

Det blei eit Holbrook Sjal til.
Ei dame hadde så lyst på eit sjal, 
og etter ein pause var det greit å strikka eit igjen.
Håper bare ho blir fornøgd.


Eg veit om ei til som har veldig lyst på dette sjalet,
så eg må nok til med det 5. og.
Men det blir ikkje ennå, ho skal få det til bursdagen sin til våren.


Mønster, Holbrook Shawl av Dee O`Keefe
Garn, Merilla, 38 gr
Pinne nr. 3,5



tirsdag 15. september 2015

Magi-sokker

Endeleg var sokkane mine ferdige, det tok si tid!
Eg hadde fått to nøster som var forskjellige i fargen
sjølvom det var same parti. 
Det var mindre av den rosa fargen og den var lysere. 


Men Rauma sende meg eit nytt nøste, så nå har eg to like sokkar.
Magi-garnet var veldig drygt, 
så eg får eit par sokkar til med litt kortere list.
Eg starta med mønster på sokkane,
men tykte stripe-effekten forsvant i mønsteret.
Derfor blei det glattstrikk i foten.
Var så heldig å ha eit lite nøste med same mørke farge,
det brukte eg i hælen så stripene kunne gå ubrutt i sokken.


Rauma Magi- garn, 57 gr
Pinne 2,5

*

I sist veke hadde me ein flott tur til Telemark.
Der bugner det av bær, så me henta med oss både blåbær og tyttebær.
Tyttebærklasane var så store med flotte, store bær.
Måtte plukka ein bukett og pynta med i campingvogna.
Været var og nydeleg, så me kunne nyta det i fulle drag!



Lørdag var me på Dyrsku`n i Seljord, ein stor marknad med enormt med folk.
Kjekt å vera tilbake igjen, mange år sidan sist.
Me gjorde nokre gode kjøp, til og med garn fant eg!
Nå skal eg prøva Regiagarnet til Arne & Carlos.


*

I dag skulle eg ta bilder av mitt hemmelege prosjekt,
og då ser eg at eg har gjort ein feil!
Nå må eg rekka opp ein del og få retta det opp, 
kan ikkje gi det fra meg med feil i, sukk!
Dokke skal få sjå bilder seinare når den er levert, men det blir ei stund til...

Ha ein fin dag!