torsdag 8. oktober 2015

Uglefamilie

Det går fort mot julemesse og eg har ikkje fått strikka mykje til den i år.
Derfor held eg på med nokre småting som går fort å laga.
Desse uglene var kjekke å strikka, og ungane her fekk veldig lyst på!
Det blir nok nokre ugler i adventskalenderane og...


Restegarn, 170 gr
Pinne 3,5


To par manfolksokkar, ikkje så spennande, men dei blir alltid selde.


Olagarn, 226 gr
Pinne 3,5
*


Eg kjøpte nokre nøster bomullsgarn hos Søstrene Grene.
To klutar har eg strikka, og sjå forskjellen på størrelsen!
Eg strikka opp heile nøstene, det eine var 48 gr og det andre bare 39 gr,
det skal vera 50 grams nøster.


Søstrene Grene, 87 gr
Pinne 3,5


I helga tok me ein tur til Oltedal.
På Lofthuset hadde dei supert tilbud på Viking alpakka silk og Balder
Det garnet skal gå ut, så dei selde det ut i kg-posar.
Eg har nettopp strikka i Alpakka silk, og eg likte det veldig godt.
Dermed blei det nokre kg med heim...




Nå er det bare å setta opp farten på pinnane!

God helg!



1 kommentar:

  1. Koselige ugler og mjukt garn i posen --- det blir mykje godt arbeid på deg framover. Skulle likt å være med deg til den der Oltedalen ;) (utrulig at garn frå Greene var så forskjellig på lengden. hmm...

    SvarSlett