søndag 19. januar 2014

Meldal Kofte

Første kofta er endeleg ferdig og levert.
Det var eit spennande prosjekt med tanke på monteringa,
det hadde eg lova meg sjølv at eg aldri skulle gjera meir!
Det er mange år sidan nå, eg strikka genser til maen,
og den fekk eg jobb med då trådane rakna etter eg klypte.
Grunnen var nok at det var mest syntetisk i garnet og var glatt.
Denne kofta har eg strikka i tynn alpakka fra DSA,
 så eg tok mot til meg og satte i gang.
Det gjekk fint denne gang, heldigvis, 
men det er litt av ein jobb med alle sømmar og belegg!
Ein ting er sikkert, strikkinga er mykje kjekkare enn monteringa ;)





Det er forsinka bursdagspresang til eldste datter,
og ho var godt fornøgd med kofta.

Mønsteret er fra 60 tallet, 
fekk det av ei dame som hadde mange gamle mønster.
Kjekt at dei gamle mønstera kjem fram igjen, det er masse fint.

Me har ei datter som har bursdag i mai.
Trur ho har funne seg eit mønster,
så nå er det bare å kjøpa garn og setta i gang med neste.


Mønster: Meldal
Garn, Tynn Alpakka fra DSA, 440 gr
Pinne nr, 3 og 3,5


5 kommentarer:

  1. Sjå her ja!! Kjempefine! Det høyrdes leit ut at du fekk nederlag med genseren til mannen-- men, nå er det opptur!!

    SvarSlett
  2. Denna vart jo kjempefin! Og eit mønster eg aldri har sett før. Jammen er det mange fine koftemønster rundtom. Heilt enig i at strikkinga er kjekkare enn monteringa, derfor styre eg laaangt unna montering:)

    SvarSlett
  3. Så flott trøya du har strikka! Veldig kjekt at det gjekk bra med monteringa, jakka sit jo kjempefint på mottakaren.

    SvarSlett
  4. Den var flott :) også ei trønderkofte da, Meldal, så gøy :) den var kjempefin altså, også så pent arbeid du gjør - nydelig!

    SvarSlett
  5. En skikkelig fin kofte!
    Og som alltid er arbeidet nydelig utført -både strikking og montering!
    Artig at de gamle mønstrene kommer fram igjen :)

    SvarSlett