mandag 31. mars 2014

Strikking i sola :)

Eg skulle jo montera kofta, men så kom det fine været.
Då blei det heller strikking på noko småtteri i sola.
Først gjorde eg ferdig eit par sokkar som eg har hatt til gå-bort-strikk.


Dei er svarte, ikkje grå, og garnet heiter Fjell sokkegarn fra Hifa.
Det er det verste garnet eg nokon gang har vore borti!
Snakk om hampetråd, det var så stivt og fælt å strikka med
at det garnet kjøper eg aldri meir. 
Kjøpte det på nettet, så eg fekk ikkje kjenna på det før eg handla.

Fjell sokkegarn, Hifa, 149 gr
Pinne 3,5

Ein klut er grei å strikka mens eg er på besøk ;)


Garn: Mor Aase, 49 gr
Pinne nr 3,5

Eg fekk bestilling på eit par tøfler, og dei blei ferdige i dag.


Garn, Silja, 48 gr
Pinne nr 3,5
*

Men eg har begynt på monteringa av kofta i dag.
Fekk sydd alle maskinsømmane og maska samen skuldrene.
Det fine veret har me fremdeles, så fort går det ikkje.
Sola må nytast, det er så herleg!

I går gjekk me ein god tur og tok middagen ute.
Gubben diska opp med egg og bacon :)
(og sprer klær og posar utover ;)



Flott utsikt mot Stavanger.

*

Ønsker alle ein fin og solrik kveld :)





torsdag 27. mars 2014

Klar for montering!

Då var tredje kofta strikka og er klar for montering.
Men før eg begynte på den, laga eg meg ein prøvelapp.
Ikkje bare for strikkefastheten, men eg måtte prøva om det holdt etter sying.



Det gjekk ikkje så bra sist, det kan dokke lesa om HER

Sjølv om det er alpakkagarn med silke, så ser det ut som det held godt.
Eg klarte ikkje å få ut trådar same koss eg reiv og sleit,
så nå går eg på med friskt mot!


*

Me har så fint vær for tida, sola skin og det er så herleg!
Men det er eit minus, nemleg at vinduene blir plutseleg så møkkete!!
Men nå skal eg ut å gjera noko med det ;)
Monteringa må venta litt...




mandag 24. mars 2014

Strikk inn glidelåsen!

Dette er noko for oss som ikkje er glad i symaskinen!
Det går rett og slett an å strikka glidelåsen inn i jakken,
bare sjekk denne linken.
Glidelåsen blir strikka inn med I-cord.
Eg synes det var så genialt at eg måtte dela den med dokke :)


Bilde er lånt fra bloggen, Tangled Twine




fredag 21. mars 2014

Skogstur

Ein dag i sist veke hadde me eit nydeleg vær.
Då tok eg meg ein tur i skogen.
Der var det eit område der alle steinar og stubbar var dekka av mose,
alt var grønt og fint i solskinet.
Eg hadde bare mobilen, men bildene blei ganske bra.





Solstrålene blei fanga :)

*

Det er ingen ting ferdig på strikkefronten.
Fortsatt er det koftestrikk på gang,
er ferdig med armane og held på med bolen.
Det er andre fargar på denne kofta, herleg ;)

*

Då var det alt helg igjen, kos deg :)




fredag 7. mars 2014

Bittas Johanne-sokker

Endeleg har eg fått strikka eit par sokker fra 
boka til Bitta Mikkelborg.
Det har holdt hardt å ikkje begynna før,
men eg liker ikkje å ha fleire arbeid på ei gang.
Eg hadde Sterk garn fra DSA liggande,
så då var det å leita opp eit mønster som passa garnet.
Og eg fant sokker som passa i navnet og,
Johanne er mitt andre navn, he he!
Eg strikka dei lengre på lista, liker ikkje når dei er for korte.
Ja, for desse skal eg ha sjølv!




Mønster: Johanne av Bitta Mikkelborg
Garn: Sterk fra DSA, 98 gr
Pinne nr 3



Eit par manfolksokker til messe-kassen har det og blitt.


Garn: Ola Raggegarn, 112 gr
Pinne 3,5


Tusen takk for så positive kommentarer på tidlegare bloggar,
Setter stor pris på det :)

God helg!

tirsdag 4. mars 2014

Babyteppe

Mønsteret heiter Koseteppe, og det er til å kose seg med,
det er sååå mjukt og deileg garn!
Eg har strikka det for butikken som selger DSA garn her på Hjelmeland.
Det skal vera utstillingsmodell.
Det er glitter i garnet, prøvde å få det med på bilde.
Teppe er strikka med dobbelt garn og kanten rundt er hekla.
Eg likte teppe veldig godt, synes mønsteret var enkelt og fint.










Mønster: Koseteppe fra DSA
Garn: Baby Silk silver shine, 592 gr
Pinne nr 5,5 - dobbelt garn.
Heklekrok nr 5