onsdag 20. oktober 2021

So Faded Genser og Peacock Tee +++

Det er på tide med ein oppdatering.
Strikkepinnane  mine går jamt og trutt, så nå er det ein del ferdig.
So Faded genseren av Andrea Mowry har eg ønska meg lenge.
Har hatt nokre hesplar med fint, handfarga garn liggande som eg har fått eller vunne.
Då det blei samstrikk på podcasten til Ulltøsene, var det puffet eg trong.
Eg fann fram 3 hespler som gjekk fint samen, men eg mangla ein,
så då farga eg den lyse sjølv. 
Genseren er meir burgunder enn det kom fram på bilde.



*
Minste barnebarnet treng ny genser, og det liker eg å strikka.
Han tåler ikkje ull, så eg har strikka den i Viking Bamboo, 
eit garn som er mjukt og held seg godt i vask.
Eg hadde ingen oppskrift, men la inn bordene til Noragenseren.
Denne blir med i pakken til 5 års-bursdagen.
Han ønska seg ei hua og, den er i same garnet.




*

Sjal er ein av dei tinga eg liker best å strikka.
Marinasjalet synes eg er så fint og eg har sett lenge på det.
Det blir ein del farging av garn her i huset, ein veldig kjekk hobby!
Eg fann fram eit merinogarn som har ligge ei stund og ikkje blitt seld,
og samen med ufarga merino strikka eg Marinasjal av Anja Helen S Hansen.



*

Sommaren er over, men eg er seint ute og strikka meg ein sommartopp.
Strikka den med 3/4 armar, så kan eg bruka den heile året.
Det blir for varmt med ullgenser inne, men denne er i bommull/viskose /lin,
veldig behagelig å ha på.
Toppen heiter Peacock Tee av Lene Holme Samsøe.
Denne skal inn i samstrikken, rååååsasamstrikk, til Frøken K, 
ho har ein innsamling til rosa sløyfeaksjonen.




*
Kjekt du ser innom her.
Ha ein fin og kreativ haust!
















mandag 27. september 2021

Sokkebonanza

 Det starta i august da to av barnebarna hadde bursdag.
Det er to guttar som liker å gå med raggsokkar sommar og vinter.
Mora tipsa om ankelsokkar, så då blei det to par til kvar.
Dei er i str. 39 og 42, så guttane er snart vaksne.
Det spettete garnet har eg farga sjølv.



Eg hadde besøk ei veke av eit anna barnebarn,
og ho ønska seg tynne, lilla sokkar.
Ho klør av det meste, men merino/nylon gjekk fint.
Men eg hadde ikkje lilla garn, så då var det å finna fargegryta og fiksa det.
Eg strikka litt mønster på foten, og ho blei fornøgd.


Søster hennar og eit søskenbarn ville og ha sokkar, så det var bare å strikka på!
Det øverste er håndfarga garn fra Stulen Strikk og det neste er fra NorwayKate.



*

I sommar fekk me vera lite på hytta.
Vår gode nabo har passa på blomstene mine, 
då er han verdt å få seg strikka sokkar som takk for hjelpa.



Før helga fekk eg bestilling på sokkar til ein toåring.
3 par gjekk fort av pinnane, kjekt å strikka så smått.


*

Mor har ein gammal kaktus som blomstrer ein gang i året.
Som regel spring den ut på natta og står på eit døgn.
Denne gang fekk eg tatt bilde av blomsten, den er nydeleg!
Er det nokon som veit kva den heiter?








fredag 23. juli 2021

Julietopp og Huer

 Julietoppen har eg strikka ein gang før i ull/nylon-garn.
Eg toler ull, men eg reagerte på nylon i garnet, så den toppen fekk søster mi.
Det var i garn eg hadde farga og det gjorde eg denne gang og.
Hadde fått nye farger og nytt garn eg måtte testa, burgunderrød på rein merinoull.
Så langt er eg veldig fornøgd, håper bare garnet held seg godt i bruk.
Eg strikka den høgare i nakken og 3/4 lang arm, liker bedre det enn kort arm, 
og den kan brukast heile året.




Rumpelstilskin-sokker er det populært å strikka for tida.
Det er ein samstrikk på podcasten, To rette og en vrang, og eg måtte vera med på den.
Det er eit fint mønster som er enklere å strikka enn det ser ut.


Fleire huer til kreftsjuke har det og blitt innimellom.
Det er så godt å få brukt opp nøster som bare ligg der!


Det blomstrer fint i hagen for tida.


















søndag 20. juni 2021

Favorittgenser

 På nettbutikken, Garnuniverset, hadde dei tilbud på Angora/Merinogarn, og då blei det handel.
Eg hadde tenkt å strikka topp til meg sjølv, men syntes fargen, som heiter Midnattsblå, var for mørk.
Den er mykje mørkere enn på bilde.
Då blei det genser til gubben i staden. 
Garn til mønsterfargane fann eg i lageret mitt.
Mønsteret, Favorittgenser, var i boka, Inspirerende Norske Strikkemønstre, 
og den hadde eg i hylla. Genseren blei perfekt til han!



*

For tida blir det mindre strikking. 
Nokre huer er det blitt innimellom, men dei får eg ta med neste gang.
Eg broderer på bunadskjorte til barnebarnet vårt, må nytta sommarlyset.
Og så spinn eg litt. Det er kjekt å variera på arbeida.


*

Ønsker alle som ser innom ein fin sommar.






fredag 28. mai 2021

Genser og Islandsjakke

 For nokre år sidan var me på Island, 
og eg har lenge hatt lyst å strikka ein jakke i garn og mønster derfra.
Eg fann eit fint mønster, Thingvellir. Det er ein plass eg har vore, så det passa fint!
Det er mønster på genser, men eg gjorde det om til jakke.
Garnet, Plätulopi, er eit nytt bekjentskap, det er eit uspunne garn.
Det gjekk greit å strikka, men tråden sleit fort av.
Jakken blei lett og god, eg er godt fornøgd med resultatet.



*

Sjølv om eg strikka av garnlageret mitt i heile fjoråret, 
har eg mykje garn igjen.
Nå tok eg fram Smart og Rubin i tre farger,
og det blei ein genser i fanastriper uten stjerneborda.
Den blir nok ein basargevinst.




*

Vest is Best - vesten som eg strikka for ei, synes eg blei veldig fin,
og eg fekk lyst til å strikka den til yngste barnebarnet vårt.
Den er lik i garn og farge, men ein str større - 6 år.
Han kan ikkje ha ull, så det er Viking Bamboo-garn, blanding av bomull og bambus.
Det er eit veldig godt garn som held seg fint.


Min mann ønska seg eit par tynnere sokkar. 
Eg hadde ein hespel liggande som eg har farga,
Og det blei heilt enkle sokkar.









søndag 18. april 2021

Vertices Unite Sjal & Strikk til Veldedighet

 Endeleg er det blitt eit Vertices Unite Sjal  på meg, 
det har eg lenge hatt lyst til å strikka.
Eg har satt samen diverse garnskatter og farger,
 og eg blei godt fornøgd med resultatet.
Sjalet var kjekt å strikka.



*

I det siste har eg strikka mykje til veldedighet 
og fått brukt opp ein del av dei enkle nøstene som bare ligg der og tar plass.
Det er kjekt å få nytta det til noko fornuftig.
Først var det til Amandaprosjektet der eg strikka teppe og huer.
Etter sist innlegg om dette har eg strikka 2 diamant-teppe.
Dei er til dei aller minste for tidleg fødte.
 4 huer og eit par sokkar til har det og blitt.
Nå var det fulle lager på SUS, så det blir pause i Amanda-strikk.






Men på kreftavdelingen hadde dei tomt for huer, så då strikka eg for fullt før påske.
Eg fekk levert 10 huer i forskjellige størrelser til voksne.


*

Eg fekk bestilling på ein vest til ein liten gutt.
Oppskrifta fann eg på Drops, den heiter Vest is Best,
og eg strikka den i blått Bamboo garn.
Eg liker ikkje at det blir for tett i halsen, så eg laga den litt meir utringa.
Denne skal eg strikka fleire av.













lørdag 27. februar 2021

Ferdige prosjekt i januar & februar

 Dattera kom heim med ein pose garn og ei oppskrift, ho ønska seg ein vest.
Det var første prosjekt eg la opp i år, og det tok meg 4 dagar å strikka den.
Garnet var Drops Air og pinne nr. 7, så det gjekk fort å strikka 
sjølv om det var patentstrikk. Det er ikkje den kjekkaste teknikken eg veit,
så eg var glad det var ein vest uten armar!
Den strikkes ovenfra og ned og blei sydd saman i sidene.



*

Det neste på pinnane var ein jakke til meg sjølv, Summer Evening Cardigan.
I haust var eg på Telespinn, og der kjøpte eg Marigarn, eit deilig mohairgarn fra geit.
Jakken har eit holmønster på bærestykket og langs sidene og under armane.
På grunn av mohairen viser mønsteret litt lite, men jakken blei fin på meg.
Fargen er blåere enn på bilde.



*

Eit vennepar av oss er blitt besteforeldre, og då hadde eg lyst til å strikka noko til veslejenta.
Det blei eit sett med jakke og bukse. Jakken er Eldon fra eit hefte til House of Yarn.
Buksa fann eg i eit gammalt Sandneshefte. 
Eg la inn litt av mønsteret fra jakken i sidene på beina.
Garnet er Gjestal merino Babyull og størrelse 1 år.




*

Eg strikker fortsatt til Amandaprosjektet og har noko ferdig,
men det får koma i eit seinare innlegg.











fredag 29. januar 2021

Linneasjal - Adventmysterie

 Det er kanskje på tide å blogga om mysteriestrikken eg var med på i advent.
Gro Tveitstøl, i podcasten "Bare en Maske til", designa eit sjal som dei hadde samstrikk på.
Me fekk litt av mønsteret kvar tredje dag i desember,
og lille julafta strikka eg det ferdig. Garnet er rein merino og eg farga det sjølv.
Det er spettet med lys grå og litt rosa.




*

Eg fekk bestilling på sokkar av ei ung dame.
Eg strikka eit enkelt mønster, Thuja, til henne, 
og dei lika ho så godt at ho ville ha to par til.





*

Eit teppe til Amandaprosjektet har eg og fått ferdig.
Hadde 3 farger, Lys brun, mintgrønn og lys blå, i Baby merino som blei bra saman.
Hekla ein kant med krepsemasker rundt for å skjula trådspranget i eine sida.


Det var samstrikk på dette prosjektet på to podcaster som eg deltok i,
og tenk, eg vann på begge!
På den ene vann eg ein fin stikkepose og på den andre fekk eg 4 strikkemarkører.
Snakk om å vera heldig!