mandag 14. juli 2014

Ein liten oppdatering

Det blir ikkje mykje strikking i varmen.
Eg held på med ein babyjakke i ull,
men det frister ikkje når gradestokken tippa 30 gr!
Nei, eg klager ikkje, det er ein flott sommar me har!
Sist veke var me på biltur i Sverige,
me hadde ein flott tur.
Vegane der er nesten motorvegar over alt,
og då kunne eg beint fram strikka litt i bilen.
Ein klut i rillestrikk gjekk bra.
4 klutar er det einaste eg kan visa ferdig i dag.


Den turkis kluten er designa av Bitta Mikkelborg og heiter Ballblom.
Den kunne ikkje strikkast i bilen!
Der var det mønster på kvar pinne og veldig lett å gjera feil.
Dette blir nok ikkje min favoritt, eg måtte rekka opp rett som det var!
Eg liker klutane store, 
så eg la opp ekstra masker mellom mønsterrapportane.
Desse to er strikka i Mandarin Petit.

Mandarin petit, 39 og 51 gr
Pinne nr 3

Bitta lager fine klutar, og her er to til.


Den kvite heiter Symre, strikka i Mandarin naturell, og den liker eg veldig godt.
Der var det lett å få den større, hadde bare fleire masker i midtpartiet.
Men eg snudde om på mønsteret og strikka mønsteret på vranga,
då sparte eg armen for mange vrangmasker,
då blei det heile pinner med rette masker i staden for vrange.
Det same gjorde eg med den turkis, den heiter Bergknapp.
Garnet er Mor Aase.

Mor Aase, 48 gr
Mandarin naturell, 55 gr
Pinne nr 3

*

Tenk, eg kom ikkje over ein einaste garnbutikk i Sverige!
Strikker dei ikkje der tru??....he he!!
Men eg har snopa nokre nøster likevel.
I den koselege byen Risør, kjøpte eg Rauma Finull,
det har eg aldri prøvd før.

 

Og ikkje minst denne hespelen, reine skatten!


I Flatbygda i Telemark selde dei ferdige pakkar med garn fra Telespinn.
Det er garn av mohairgeit, nydeleg mjukt garn!
Garnet er handfarga og handspunne.
Dette skal nytast, har aldri kjøpt eit så dyrt garn nokon gang...

*

I dag er det klesvask før me reiser på hytta.
Fortsatt god sommar til dokke alle!
Eg set veldig pris på kommentarer, tusen takk!!



torsdag 3. juli 2014

Old Town Jakke

Denne fasongen på jakka tykkjer eg er så fin,
og sjølvsagt er oppskrifta bare på engelsk.
Eg hadde klart det eit par gong før, så eg tok sjansen.
Jakken er strikka ovenfra og ned, med opplegg i ryggen.
Har aldri vore borti det før, men det gjekk greit.
Ingen montering etterpå heller, ikkje eingong under armane.
Både der og i opplegget i ryggen brukte eg Judy Becker metode,
 det var bare å festa trådar til slutt, det liker eg!




Det er til og med fasongstrikka skulder der det skulle strikkast forkorta omganger.
Måten det blei gjort på skreiv eg om i ein tidlegare blogg,
du kan lesa det HER.
Teknikken er enkel og resultatet blir kjempefint, nesten usynleg.




Har allerede brukt den, og eg er kjempe fornøgd!
Garnet er deileg, passe varm til bruk i sommar.
Det er blanding av lin, bomull og bambus, håper bare den held seg fin i vask.
Garnet kjøpte eg på Island, synes det blei ein fin souvernir fra turen.



Mønster, Old Town av Carol Sunday
Garn, Arezzo lin, 494 gr
Pinne 3 og 3,5
*


Må bare tipsa om at Hverdagsjakken til Ann Myhre er kome for salg,
og denne veka er den til halv pris, 15 kr!
Du finn bloggen hennar HER

tirsdag 1. juli 2014

Oldemor-puter

Då var eg på nett igjen, har hatt ein ufrivillig pause på 2,5 veke.
Me hadde eit koseleg besøk av ei lita snuppe,
og ho fann ut at ho ville trø på PCen min...
og det gjekk ikkje så godt! Den ville ikkje meir etterpå.
Nå har eg fått meg ein ny og i går hadde eg datahjelp og fekk den opp å gå.

*

Desse putene har vore på pinnen ei stund.
Har lenge tenkt å lage puter likt teppe til gyngestolen på hytta.
Eg var nesten ferdig med andre puta 
då eg såg eg hadde tatt feil kvitt garn på den siste ruta.
Det var ikkje godt å sjå i kveldslys då eg jobba med puta,
men det var ingen tvil i dagslys!
Då var det bare å rekka opp og legga det vekk til eg fekk nytt garn.

Bakstykke er hekla som ei stor rute.
Rutene på framstykke hekla eg i samen etter kvart, 
 og framstykke og bakstykke hekla eg i samen med krepsemasker.
Så laga eg ein klaff på baksida med 3 knapphull,
då er det lett å ta trekka av putene og vaska dei.

Tykkjer resultatet blei bra, og dei pyntar opp i sofaen.





Fleire ting er blitt ferdige sidan sist, men det får koma i neste blogg.

Håper dokke har ein fin sommarkveld, her er det nydeleg vær for tida.
På hytta stod klatrerosa mi i full blomst.



Garn, Smart 530 gr.
Heklekrok nr 3,5