mandag 14. juli 2014

Ein liten oppdatering

Det blir ikkje mykje strikking i varmen.
Eg held på med ein babyjakke i ull,
men det frister ikkje når gradestokken tippa 30 gr!
Nei, eg klager ikkje, det er ein flott sommar me har!
Sist veke var me på biltur i Sverige,
me hadde ein flott tur.
Vegane der er nesten motorvegar over alt,
og då kunne eg beint fram strikka litt i bilen.
Ein klut i rillestrikk gjekk bra.
4 klutar er det einaste eg kan visa ferdig i dag.


Den turkis kluten er designa av Bitta Mikkelborg og heiter Ballblom.
Den kunne ikkje strikkast i bilen!
Der var det mønster på kvar pinne og veldig lett å gjera feil.
Dette blir nok ikkje min favoritt, eg måtte rekka opp rett som det var!
Eg liker klutane store, 
så eg la opp ekstra masker mellom mønsterrapportane.
Desse to er strikka i Mandarin Petit.

Mandarin petit, 39 og 51 gr
Pinne nr 3

Bitta lager fine klutar, og her er to til.


Den kvite heiter Symre, strikka i Mandarin naturell, og den liker eg veldig godt.
Der var det lett å få den større, hadde bare fleire masker i midtpartiet.
Men eg snudde om på mønsteret og strikka mønsteret på vranga,
då sparte eg armen for mange vrangmasker,
då blei det heile pinner med rette masker i staden for vrange.
Det same gjorde eg med den turkis, den heiter Bergknapp.
Garnet er Mor Aase.

Mor Aase, 48 gr
Mandarin naturell, 55 gr
Pinne nr 3

*

Tenk, eg kom ikkje over ein einaste garnbutikk i Sverige!
Strikker dei ikkje der tru??....he he!!
Men eg har snopa nokre nøster likevel.
I den koselege byen Risør, kjøpte eg Rauma Finull,
det har eg aldri prøvd før.

 

Og ikkje minst denne hespelen, reine skatten!


I Flatbygda i Telemark selde dei ferdige pakkar med garn fra Telespinn.
Det er garn av mohairgeit, nydeleg mjukt garn!
Garnet er handfarga og handspunne.
Dette skal nytast, har aldri kjøpt eit så dyrt garn nokon gang...

*

I dag er det klesvask før me reiser på hytta.
Fortsatt god sommar til dokke alle!
Eg set veldig pris på kommentarer, tusen takk!!



3 kommentarer:

  1. Gøy å sjå at du har gjort om klutane til "dine" - du kjem med gode tips! Leit at du ikkje fant godbetar på turen, men Telespinn er ikkje å forakta av garnkvalitet. Eg ruger på to hespler i frå turen til Trondheim i fjor. God tur til hytta!

    SvarSlett
  2. Kjekt med ein oppdatering frå deg, og klutane er jo strøkne sjølvsagt.
    Eg har heller ikkje funne garnbutikkar i Sverige, kom berre over Stoff & Stil på eit senter. Kos deg på hytta, håpar vêret blir fint, men nokre gadar kaldare.

    SvarSlett
  3. Nydelige kluter du har laget Wenche, og det Telespinngarnet har jeg også 2 bunter av, et i rodt og et i lilla. Vet bare ikke hva jeg skal lage.... :) Vet at i St.holm er det noen få garnbutikker, Sundsvall har en koselig garn-og brodeributikk, og Østersund har en liten garnbutikk som riktignok er stappe full, hmm, tror nok vi i norge er mer garn-aktiv enn noen andre land, liten følelse på det ;) ha en forts fin sommer Wenche

    SvarSlett