torsdag 27. juli 2017

Babyteppe, Norsk Sommer

Tilfeldig kom eg over ein samstrikk på Raverly.
Det var teppe, Norsk Sommer, av Torirot Design.
Eg melde meg på, teppe var perfekt å strikka av restegarn, det har eg plenty av!
Garn eg har farga sjølv fekk eg og brukt.
Synes det er eit veldig fint mønster, det er reine blomsterenga.
Det var veldig spennande å strikka dette teppe, bare ei mønster til,
bare ei mønster til..., eg blei heilt hekta!
Og me strikker med bare to fager om gangen, eg lærte nokre nye tips her og.
Eg er godt fornøgd med resultatet, og nå tenker eg på om eg skal starta på eit til.
Det er passe stort til å slenga over fanget, det treng ikkje vera til baby.
Mitt blei 115 cm i diameter.
Fristen er 1. okt, så det er ennå ikkje for seint å delta.



Div restegarn, mest Ask og Opal
450 gr. Pinne nr. 3,5

*

Takk for dokke ser innom her, fortsatt god sommar!




onsdag 19. juli 2017

Vividteppe

I sommar har eg endeleg gjort ferdig Vividteppe mitt.
Dei siste rutene sydde eg faktisk samen på nordnorge-turen.
Planen var at teppe skulle vera i campingvogna, 
men eg blir ikkje fortrolig med fargane.
Garnet er Kauni flerfarga, og det var farger som blei ein overrraskelse,
og det var ikkje positivt. Det er sånn som skjer når du handler på nett...
Kankje teppe blir ein gave eller ein gevinst?







Mønster, Vividteppe
Kaunigarn, 678 gr
Pinne nr 4
*

Når eg strikker, liker eg å høyra på strikkepodcast.
Det er ein amerikansk som heiter Littlebean and me 
som eg har høyrt på sidan ho starta.
I ei trekning ho hadde, var eg så heldig å vinna.
Blant mange ting eg fekk, var det eit nydeleg hespe garn ho har farga,
det er ho veldig flink til. 



*

I dag ser det ut som me endeleg får ein smak av sommar.
Det er sol og fint, så det blir strikking på terrassen, herleg!
Håper dokke og har ein fin dag!








mandag 10. juli 2017

Feriestrikk

Me har hatt ein fantastisk tur til nordnorge i sommar, var på reis i 3 veker.
Det blei både Lofoten og Senja før me vende nasen sørover igjen.
Sjølvsagt hadde eg strikketøyet med. Eg hadde utstyrt meg godt,
kunne ikkje risikera å gå tom!

Dette sjalet, Serenity, starta eg på 
på turen til Praha ei veke før me reiste nordover.
Då blei det ikkje strikka mykje, men det blei ferdig på denne turen.
Eg har gjort min eigen vri på det.
Garnet har eg farga sjølv, eit Arwetta hespe som er med prikker i blått og grått,
og eit som er einsfarga grått. 




Det blei strikking i bilen og. Me hadde ein høg og god bil og då gjekk det godt.
Det måtte bli noko enkelt med bare rettstrikk, så det blei 6 klutar.


Etter sjalet var ferdig, starta eg på ein barnegenser.
Mønsteret er Flax Light, eit gratismønster på Raverly.
Den er eg kome godt i gang med.


Mønster: Serenity, Rachel Booker
Arwetta, selvfarga, 78 gr
Pinne 4

Bomullsgarn, Pandora og Mor Aase, 306 gr

*

På Senja var me på eit lite marked. 
Der fann eg eit par strikka hansker i Senjamønster med Senjagarn,
så dei bare måtte eg ha. Det var den einaste souverniren eg kjøpte meg.
Ikkje blei det mykje garn heller, kun ein garnbutikk var me innom
og det var på Husfliden på Røros.
Der fann eg nokre nøster forsterkningsgarn til sokkar.





*

Naturen nordover er heilt fantastisk og det blei knipsa mange bilder.
Spesielt fjella og dei kvite strendene er flotte, og det blomstra så flott overalt.
Det var gule teppe av Tiriltunga langs vegkanten
 og i Lofoten blomstra rognebærtrea overalt, til og med i hagane.
Men det var ikkje store tre slik som her, det var meir tette busker.
Svært få gardar blei drivne lengre og det var blomstene 
som hadde teke over på ekrene, det er ei trist utvikling, men eit flott syn!

Tiriltunge

Rognebær
Smørblomst på ekrene innover langs fjorden.




*

Vividteppe mitt har eg endeleg fått sydd saman, men det får koma i neste blogg.

Fortsatt god sommar til dokke som er innom her!