mandag 30. september 2013

Bokmerke

Som mange andre, har eg og skaffa meg den nye sokkeboka av Bitta Mikkelborg.
Blei positivt overraska, det var ei stor bok med 52 oppskrifter.
Her er det noko å finna for alle.


For ei tid tilbake, kom eg over oppskrifter på diverse bokmerke.
Dei var så stilige og måtte prøvast.



Eg har brukt diverse tynt restegarn og pinne nr 2.
Restegarn, 42 gr.

*
Andre par ut i mannesokkar er og ferdige.
Dei har eg strikka flettemønster på, 
det treng vel ikkje alltid vera dei kjedelige grå til menn??



Mønster, eget
Garn, Robust, 122 gr
Pinne nr 3,5
*

I går gjekk eg og maen ein lang tur i heia.
Fyrst tok me ein runde i eventyrskogen før me gjekk videre oppover.
Her er nokre av figurane:


 Nøkken låg og lurte...

Trollkjerringa stod med nasen fast ennå, stakkar...

Fantasifigur...

Dei tre bukkane Bruse skulle til seters...

Det var bratt på turen videre.



Flott utsikt over Årdal.

Me hadde ein flott tur, må nyta det fine haustværet me har.







torsdag 26. september 2013

Bamse

Lillesnuppa vår hadde fått ny kjole og tights strikka av mora og bestemora,
(har dessverre ikkje bilde av det).
Eg fekk spørsmål om å laga ein bamse til henne av restegarnet,
og då er ikkje mormor sein å be ;)
Det var ein grei måte å strikka bamse på,
strikka den i eit stykke og sydde den samen i hode.
Eg liker minst muleg montering, så denne blir det kanskje fleire av.



Buksa er strikka på bamsen, men den måtte få andre klær på og.

Garn, Sandnes mini-Duett, 90 gr
Pinne nr. 2

*

Det nærmer seg julemesse og eg har ikkje fått laga mykje i år,
så nå må eg gjera ein innsats dei neste vekene.
Mannfolksokkar blir alltid selde,
og dette er første par ut.


Garn: Ola raggegarn, 105 gr.
Pinne nr. 3,5


fredag 20. september 2013

Genser nr 2

Endeleg har eg fått montert genseren som blei feil,
eg har strikka den med feil pinnestørrelse!
Den blei lagt til side, og eg strikka ein ny. 
Du kan lesa om tabben min HER
Denne genseren blir gevinst på julemessa sin basar,
eg var glad eg slapp å rekka opp!


Genseren er mjuk og deilig i garnet Hexa, fra Du store alpakka.
Den er strikka med dobbelt garn.

Mønster, Du store alpakka
Garn, Hexa, 758 gr
Pinne nr 8


Sokkar er og greit å ha til salgs på julemessa.
Var fornøgd med fargane i dette On line garnet, og sokkane blei tynne og lette.
To mønster-rapporter i sokken blei str.38, og begge blei like. (det liker eg )

Garn, On line, 52 gr
Pinne nr 3

onsdag 18. september 2013

Strikketreff

Det blei nokre trivelige dagar i helga med strikketreff på hytta vår.
Fem kjekke damer i forskjellig alder kom med strikketøy og godt humør.
Alder betyr ingen ting når me samlast om felles interesse,
sjølv om det var ca 25 år mellom den yngste og den eldste.
Praten gjekk livlig, latteren satt laust og strikkepinnane klirra i eitt!
Gode tips og nye teknikkar blei delt. 
Åshild hadde eit kurs for oss i dele arbeide i rett maskantall på armer og bolen,
veldig lærerikt, takk skal du ha!





Ein liten luftetur mellom bygene blei det og tid til.

Og så kom dei med flotte gaver til meg, masse herleg garn, te og sjokolade.
Sjå bare desse nydelege nøstene og hesplane...

Jaipur morbærsilke

Mirasol alpakka, Smart og...

Misti baby lama og Wollmeise

Tenk, alle desse skattane spanderete dei på meg!!
Det blir vanskeleg å finna noko fint nok å bruka dei til,
det må i alle fall vurderast skikkeleg :))
Det som er sikkert er at dei blir ofta tatt fram og klappa og kjent på!

*

Eg koste meg skikkeleg dei tre dagane me var saman,
kjem til å leva lenge på dette.
Håper me kan treffast igjen :)

*

To huer strikka eg på treffet, dei er til julemessa.
Ellers mens eg var på hytta strikka eg armane til genseren 
og begynte på eit par sokkar.


Jenta har malt seg fint i ansiktet ;)


Mønster, eget
Garn: Smart og Robust, 52 + 52 gr
Pinne nr 3,5














tirsdag 10. september 2013

Utstillingsmodell

Snakk om å gå med håve under armen!
Eg fekk spørsmål om å strikka ein genser som skulle vera modell på butikken.
Det hadde eg lyst til og satte i gang fort og gale,
dei var annige på å få den ferdig.
Eg hadde strikka bolen då eg kom til å sjå i posen etter meir garn.
Og skrekk og gru, der låg pinnen eg skulle ha brukt!!
Eg hadde klart å strikka med den minste, nr 8 som skal brukast i halsen,
og den andre er nr 12! Kunne ikkje tru at eg hadde strikka før,
men ein liten unskyldning er at eg hadde strikka med pinne 2, 
og då føltes nr 8 tjukk i hendene...
Det må jo vera rett på ein modell som skal henga på utstilling,
men eg slapp å rekka opp. 
På fredag kom nytt garn i hus, og den første kjøper forreninga til gevinst på julemessa.
Heldigvis blei det ein annen farge ;)


I dag har eg montert den ferdig.
Det går fort med tjukk pinne og dobbelt garn ;))


Nå skal eg i forrening, og då får eg legga opp til arm på den grå genseren.
Rillestrikk er greit å strikka når praten går :)

*

Takk til dokke som besøker bloggen min og legg igjen ei helsing,
det er veldig koseleg :)


Mønster fra Du Store Alpakka
Garn, HEXA, 625 gr
Pinne nr. 12 og 8