mandag 3. desember 2012

Ferdig i siste liten!

Ja, det var i siste liten genseren blei ferdig.
Kvelden før bursdagen blei trådane festa,
og då hadde eg strikka og rekt opp et par ganger på raglansfellinga.
Den fellinga var ikkje i oppskrifta,
så eg tok det etter eget hode, blei bra til slutt ;)
Garnet er Sandnes mini alpakka,
det held seg like fint i vask etter vask.

Snuppå blei 3 år på lørdag, og då fekk ho blant anna dette settet.


Det måtte prøvast, og det er til å vokse i.
Strikka det i str 3-4 år, men armer og bein tok eg litt lengre.


I helga blei det et par sokker og.
Dei tok eg bilde av inne med mobilen, så dei blei ikkje lilla,
men dei er same farge som genseren.


Nå har eg SÅ lyst til å strikka lappar til årsteppe mitt!
Fekk mønster til dei siste to lappane for desember,
og det blir ein flott avslutning!
Det var perlestrikk, men allikevel blir det spesielle lappar.
Ikkje har eg strikka lappane for november ennå heller,
stadig er det noko som skal strikkast først!
Ennå er det nokre julegaver som venter, så arbeidslaus blir eg ikkje!

Her kom snøen i helga, ca 15 cm!
Eg synes det er for tidleg ennå, kunne venta til jul, men...

Ønsker dokke alle ei fin veke :)







3 kommentarer:

  1. Så fint sett til veslejenta. Så kaldt som det er nå, er det godt med varme klær.
    Teppet mitt blir ikke ferdig i år det heller. Det blir alltid så mye før jul. Og den monteringa skal ta tid. Men fint blir det. Og det har vært gøy og lærerikt å ha vært med på.

    SvarSlett
  2. Likte settet svært godt! Mykje å gjere for travle bestemødre/mødre nå. Årsteppet eg strikke, skal bli berre mitt!! ;=) Stor glede over alle mønstra me har lært.
    (ps--- viss du ser på venstra sida, når du logge deg inn her. Så står utforming/mal - trykke du deg inn der, ligge det monge bakgrunnar.)

    SvarSlett
  3. Nydelig strikkesett! Fargevalget er kjempefint.
    Og raglanfellingen ble super!

    SvarSlett