onsdag 26. november 2014

Rosevotter

Det nermer seg jul med raske skritt, allerede advent til helga!
Me har hatt så mild haust at eg kjem ikkje på me er kome så langt.
Men eg har begynt å sysla med julepresanger,
og nå har eg strikka nokre gaver.
Desse rosevottane fant eg oppskrift på i Tove Fevang sin blogg,
og den er gratis. www.tovefevang.no
Rosemønster synes eg er fint, og desse  likte eg veldig godt.





Det er vanskeleg med gode bilder, men fargen er lys,lys grå og koksgrå.
Det lyse er Hifa Ask og det mørke er Rauma finull.
Eg har strikka vrangbord i linninga. 
Det skulle vore mønsterstrikk der og, men då ville den blitt like vid som votten.
Synes det er betre når linninga ligg tett inntil armen og
ikkje slepp inn kald luft.

Mønster, Votter og pannebånd av Tove Fevang
Garn, Hifa Ask og Rauma finull, 64 gr
Pinne nr 2,5
*

Eit par mannesokkar er og ein julepresang.
Synes det er kjekt med litt mønster, det friskar dei opp.
Sokkane var for store til modellen ;)


Mønster, eget
Garn, Robust, 129 gr
Pinne nr 3,5
*

Nokre dokkekler til eit bursdagsbarn har det og blitt.
Har strikka to brudekjoler, men den eine for ut døra før det blei tatt bilde.


Bomullsgarn, 80 gr
Babyull. 44 gr
Pinne 2,5
Det blir den 6. bursdagsfeiringa på ein måned i helga,
harde bud nå før jul!

*

Takk til dokke som er innom her,
veldig kjekt om du tar deg tid til å legga igjen nokre ord :)









3 kommentarer:

  1. Det mønsteret likte eg og godt!!! Nydelig strikkavotter. Og det gjorde seg så fint med den enkle mønsterborda på sokkane. Ikkje rart barbieklærne fyker ut døra!!! Så fine att!! Ha ei god adventstid! Kose deg!

    SvarSlett
  2. Det var noen flotte votter og de sokkene var helt herlige, ser veldig vanskelige ut, ja, mange bursdager nå på toppen av jul, mine små fyller 6 neste helg, det er da jeg angrer at jeg ikke klarte mer og heller ventet til termin 7. januar… :-) ha en fin helg!

    SvarSlett
  3. Nydelige votter!
    Stilig plassering av flettene på sokkene -det gjorde seg :)
    Tenker bursdagsbarnet ble glad for fine dukkeklær!

    SvarSlett