fredag 12. desember 2014

Manu-votter

For ei tid tilbake strikka eg ei manchester united hua til eine svigersønnen.
Eg fekk eit hint om votter og, men det hadde eg ikkje mønster til,
så det har eg ikkje tenkt på. Før nå.
Etter å ha strikka eit par rosevotter, 
fekk eg lyst til å prøva å laga eit mønster sjølv.
Det gjekk greit, alle tre motiva fekk plass på votten.
Resultatet blei ganske bra, eg er godt fornøgd.
Men eg er spent på om dei passer, dei ser litt store ut.
Han skal få dei til jul, så får me sjå om dei må fiksast på etter jul.
Eg har ikkje vaska og blokka dei ennå, men slik blei dei.
Fargen er lys grå, ikkje kvit.


Mønster, eget etter Manchester united hua.
Ask og Rauma finull, 84 gr
Pinne 2,5


*

I dag har eg vor flink og gjordt meg ferdig med bakinga til jul.
Ein sort småkaker, colakaker har eg laga, og ambrosiabrød.
Då har eg tre sorter småkaker + havrekjeks, og det får vera nok.

Magen min tåler ikkje melk lenger, 
så eg prøvde med kokosmelk og litt vatn i ambrosiabrøda.
Det gjekk godt, dei blei kjempegod.
Kanskje eit tips til andre med same problem.



*

Då kom vinteren hit og, me fekk masse snø i natt.
Det er kanskje håp om ei kvit jul i år og.






2 kommentarer:

  1. Visst har du fått det til!! Dyktig med pinner,garn og ein stor porsjon erfaring- kan me lett sjå på vottane! Ambrosia-brøda såg gode ut. Takk for tips- hos oss er det og nokon som ikkje tåler melka så godt.

    SvarSlett
  2. Er på jakt etter oppskrift på Manu votter, og falt pladask for dine - superfine. Deler du oppskriftene dine? Beste hilsen Karina

    SvarSlett