onsdag 21. august 2013

Analucia

Då var along-sjalet strikka ferdig.
Det blei passe stort med medium størrelse.
Etter antall meter på garnet, skulle det stemma med det eina nøste eg hadde.
Men det gjekk bare ca halve nøste, sjalet veg bare 29 gr!
Har aldri strikka med så tynt garn før, det er Harmony fra Jojoland.
Det skulle og vore nokre omganger med perler innstrikka, men det droppa eg.

Sjalet var spennande og kjekt å strikka.
For kvar ny del me fekk, var det ei ny mønster.
Denne måten å strikka sjal på var og ny for meg, 
enkelte mønster er strikka bare på halve sjalet.
Men fint blei det :)

 Det var ikkje lett å få fargane rett, men det er best der det ligg.




Mønster: Analucia av Erica Jackofsky
Garn: Harmony fra Jojoland, 29 gr
Pinne nr 4

*

Sjalet var ikkje det beste TV-strikk med sitt kunststrikk,
då gjekk det bedre med nokre klutar.
Dokke er vel snart leie av å sjå alle klutane mine,
men eg tar med alt eg strikker i bloggen,
då har eg full oversikt.
Dokke får heller hoppa fort over dei :))
Desse tre er i forskjellig garn, og eg strikker opp nøstet.
Det blei stor forskjell på størrelsen.



Mønster: Finale, Hvit bjørk og falsk patent.
Garn: Mor Aase, Tuva og Mandan naturell, 150 gr
Pinne nr 3

*
Det er ikkje kjekt å rekka opp!!
I ferien begynte eg på eit skjerf med eit garn eg hadde kjøpt i Trondheim.
Då eg hadde strikka det eine nøste nesten opp, 
såg eg at det ville bli for lite garn.
Det er ingen her rundt som har det garnet, 
og då var det bare å rekka opp.
Nå har eg funne ein liten hals som har ligge lenge på vent i "skal strikka" lista mi.
Satser på garnet rekker til den.


Me har begynt på eit oppussings-prosjekt her i huset,
og då går det tregare med strikkinga.
Men nokre rundar til dagen blir det allltid :)

















5 kommentarer:

  1. Lekkert, lekkert sjal!
    Ingen grunn til å se seg lei på klutstrikkingen -mange flotte mønstre og farger ;)
    Synd at det ble oppigjenrekking på Trondheimsgarnet... Håper det går bedre med neste prosjekt :D

    SvarSlett
  2. Så florlett og lekkert sjal du har strikka! det var heilt nydeleg. Flotte klutar du strikkar og, ingen kan vel verta lei av å sjå så flott handarbeid?
    Kryssar fingrane for at du er meir heldig med neste prosjekt med trondheimsgarnet. Synd du må rekke opp det fine arbeidet du har gjort.

    SvarSlett
  3. Så florlett og tynt sjal - det er ikkje mykje tyngde i detta nei!! Spennande med det mønsteret som la seg så greit. Du skulle jo hatt ein tur til Trondheim du??! Ser du har kommen litt inn i min sjanger - bommer på garnmengden =)

    SvarSlett
  4. Så nydelige håndarbeider fra deg :) bare lekkert...

    SvarSlett
  5. Ein blir då aldri lei av å sjå på strikkating, om det er klutar eller raggsokkar har då ingen betydning! Strikk er strikk:)
    Det der med å gå tom for garn er ein kjedelig følelse...

    SvarSlett