fredag 18. desember 2020

Slipstravaganza Sjal av Stephen West

 Dette sjalet er det lenge sidan eg var ferdig med, har heilt gløymt å blogga om det.
Det var ein mysterie-samstrikk som Stephen West arrangerte.
Det er spennande når ein ikkje veit korleis det blir, me fekk ein del i veka i ein måned.
Det er det første sjalet av han eg har strikka,
men eg har to bøker av han, så det blir nok fleire.
Garnet har eg farga sjølv og det er tynn lammeull.
Fargane er vanskeleg å setja saman når ein ikkje kjenner mønsteret,
men eg er godt fornøgd med resultatet.


1. del

Bonusdel + "2. del

3. del

FERDIG



Sjalet var veldig kjekt å strikka, sjølv om det var over 900 masker på siste omgangane!

*








2 kommentarer:

  1. WOWHHHH! Så utrolig flott! Og dei fargane "dine" , vart jo prikken over i'en!! God Jul!

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk! God jul til deg og dine🎄

      Slett