torsdag 23. mars 2017

Crystal Bright Cardigan

Det har vore stille her ei stund.
Strikkelysten er ikkje heilt på topp, men litt kvar dag blir det.
Men endeleg fekk eg jakken ferdig.
Den er strikka til basaren som foreninga vår jobber til.
Mønsteret fann eg hjå Drops og garnet er Dale Alpakka.
Den blei merkeleg og stripete i fargen på bilde,
den er ikkje slik i virkeligheten, det er mest likt på det nederste bilde.






Mønster, Crystal Bright Cardigan
Dale Alpakka, 479 gr
Pinne 3 og 3,5
*

Me hadde og ei ferieveke, og reisa gjekk til Tenerif.
Det blei ein flott tur med eit fantastisk vær, mellom 32 og 34 gr dei siste 4 dagane.
Då greier ikkje eg å strikka, blir ganske svett i hendene.
Det var best å nyta det ved bassenget!
Der var det aldeles nydeleg. Bilde er tatt på kvelden fra balkongen vår,
me hadde fin utsikt!


Reisestrikket var eit enkelt sjal, det var greit å ha på flyet.
I dag har eg strikka det ferdig, men må vaska og blokka det før bilde.

Me har det ikkje fullt så varmt her heima, dette bilde tok eg i går, 22. mars.
Nå vil me ha vår og blomstring, ikkje snø!






4 kommentarer:

  1. Ei riktig flott jakke, heldige dei som vinn denne. Må tilstå at sol og sommar freistar mykje meir enn snømåkinga. håper det vert siste gang i år hos dåke. Her har vi ikkje hatt snøfresaren ute i år.

    SvarSlett
  2. Skikkeleg fin jakke. Du er spandabel av deg! Håper vinnar veit kor heldig vedkommande er??!!! Gøy å sjå kontrasta i bildene dine. Eg fekk sporenstreks lyst å reise til varmen, i alle fall.!!!

    SvarSlett
  3. Nydelig jakke, den fikk jeg lyst på. Snart blir det skikkelig vår hos deg også, da er Norge best.

    SvarSlett
  4. Nydelig jakke, den fikk jeg lyst på. Snart blir det skikkelig vår hos deg også, da er Norge best.

    SvarSlett