onsdag 5. juni 2013

Litt skryt :))

Ja, i dag vil eg skryta av to kjekke damer ;)
Eg nytta meg av maisalget, og handla nokre nøster hos "To Damer",
Dersom ein handler for over 300 kr, sender dei det fraktfritt!
Det er ikkje vanskeleg å komma opp i den summen....;)
Då pakka mi kom på fredag, fant eg eit nøste eg ikkje kunne huska eg hadde bestilt.
Eg stussa litt og sjekka pakkseddelen,
og der stod det at siden eg hadde venta nokre dagar ekstra,
skulle eg få eit nøsta av det nye Alpakka-Silke garnet frå Sandnes.
 Garnet kjennes deileg ut, er mjukt og godt. 
Kjempeflott! Der kan man handle fleire ganger :))


Det var så fint vær her i dag, og eg gjekk ein tur i skogen.
Der blomstrer skogstjerna og skogsfiolen,
dei er så fine.



Blåbæra blomstra og, det er håp om at det blir bær i år.


Kvitveisen syng på siste verset, men dei lyser opp her og der ennå.


Kom over ein liten og fin blomst, vet ikkje navnet på den.
Det blei uklart, men tar det med.


Det er ikkje noko ferdig av handarbeid denne gang.
Eg er begynt på ein jakke, og er spent på om eg får den passe.
Oppskrifta er på engelsk, så eg studerer og leser om og om igjen, he he!
Har gjordt ein feil, men det gjer ikkje noko for jakken.
Nå skal eg strikka videre, ha ein fin kveld!











4 kommentarer:

  1. Nydelige blomsterbilder. Kanskje det bør bli ein liten skogstur på meg ein dag? Det freistar.

    Kjekt å lesa om dine erfaringar med "TO DAMER". Har lenge tenkt eg skulle besøke den butikken, er ikkje så langt unna. Dei har ord på seg til å ha eit godt utval.

    SvarSlett
  2. Det er god service. Eg og likar godt "To Damer" :D Ser du har fått tak i Lace-garnet til Drops. Fin stemning å sjå blomane dine. Trur den nederste er i slekta Veronica. Men, berre trur som skrevet. Den var og kjempefine!

    SvarSlett
  3. Alltid spennende når man får noe ekstra! Kos deg med garnet ditt, der var det masse fint. Har linket til siden din på bloggen min nå ^^

    Hilen Tina

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Noor Strikk! Kjekt du vil fylgja bloggen min:)
      Eg vil nok sjå innom deg og ;)

      Slett