onsdag 26. juni 2013

Water and stone

Endleg, jakken min er ferdig!!
Eg er litt stolt over at eg klarte det etter engelsk mønster!
For den er strikka fra halsen og ned, og det har eg aldri gjordt før.
Tenk, eg var så heldig å få den passe stor på første forsøk.
Egentleg var det flaks, 
eg plukka opp masker til to fletter nedover ryggen i staden for ei,
men det passa flott! Fann ut at den var liten i størrelsene,
armane la eg og fleire masker til.
Det er ei asymetrisk mønster, framme er det fletter bare på ei side.
På andre sida kjem den fra armhola og ned
og på ryggen er det fletter på motsatt side av framme.
Synes det var ei spennande jakke å strikka.
Det skal ikkje vera knappar i den, men eg trur det hadde pynta opp
med 3 knappar, då hekler eg ei usynleg hempe på flettesida.
Får tenka litt på det.







Framme på glattstrikk-sida blei det lite "hold" i kanten,
då prøvde eg med I-cord langs den sida, og det funka flott! 
Kanten rulla ikkje så lett innover og det er bedre hold i den.
Det blei finest når eg strikka I-corden i maska innfor kantmaska,
då viser den ikkje i det heile tatt.


Eg blei fornøgd med jakken, kanskje den er litt sid?
Får høyra kva andre meiner.
Fargen er mest lik på det nederste bilde.


Oppskrifta fann eg på Raverly. 
Du kan finna den HER


"Tante er fortsatt gal" er ein blogg eg liker å lesa,
det er ei positiv og inspirerande dame.
Anbefaler dokke å ta ein kikk, ho har ein flott give-away på gang ;)




Mønster: Water and Stone, av Vera Välimäki
Garnet: Sterk, fra Du Store Alpakka, 487 gr
Pinne nr 5





4 kommentarer:

  1. " Å guriland"!!! Såååå flott denne kåpa/jakka vart!! God grunn å være stolt. Det er kledelig med side jakker, tykjer eg. Både til skjørt og bukse. Bær den med stolthet!!!

    SvarSlett
  2. Ei flott jakke utanom det vanlege du har strikka deg! Spenstig med den asymetriske plaseringa av flettene. Du kjem nok til å få mykje glede av denne flott strikka jakken din.

    SvarSlett
  3. Der var den ferdig ja, den ble kjempebra!! Så fint mønsteret ble, ga en veldig stilig effekt.

    SvarSlett