mandag 2. februar 2015

Kåpe i vevstrikk

Du Store Alpakka har kome med eit nytt garn og eit nytt oppskrifthefte.
Garnet heiter Pus og er blanding av alpakka og akryl, utruleg mjukt garn.
                                          Eg visste ikkje kva eg svarte ja til då eg blei spurt 
om eg ville strikka ei utstillingskåpe i det nye garnet for ein butikk.
Men eg liker ein utfordring, så eg gjekk på med krum hals.
Det viste seg at mønsteret var vevstrikk, det hadde eg ikkje prøvd før.
Heldigvis var det tjukt garn og tjukke pinnar, vevstrikk aukar ikkje fort.
Den har vore ferdig strikka og montert i ei veke nå,
og siste hand på verket har eg brukt mange timar på.
Det skulle nemleg vera frynser langs kantene, som ein pelskant.
Endeleg kan eg visa fram den ferdige kåpa.



Fasongen på kåpa blei fin, det einaste eg ikkje likte, var at den var vid i halsen.
Det er v-hals, og hetta er veldig stor så den legg seg utover.
Det skal vera hekter framme, det kan vera lurt å setta ei lengre opp og.
Garnet er eg heller ikkje glad i. 
Det loer noko frykteleg, så eg har vore heilt dekka av lo etter ei strikkeøkt.

Har tatt nokre bilder av arbeidet undervegs.


Kåpa var nesten like fin uten frynser etter min smak.


Eg strikka ein kant med hullbord til å knyta frynsene i.


Fant meg ei bok som eg tvinna tråden rundt og klypte dei opp.

                                     


Dattera prøvde kåpa på, den var litt knapp til henne.


Hetta hadde ikkje fått dusk og frynsene var ikkje klypte beint her.


Oppskrift, DSA hefte
Garn, Pus, 908 gr
Pinne nr 8 og 9

I oppskrifthefte var det fleire fine modeller.





Det har vore eit utfordrane og kjekt arbeid, 
men eg må sei eg er glad for at eg er ferdig.






6 kommentarer:

  1. Waowh - så stilig då!! Men, litt av eit arbeid. Aller best likte eg vevstrikken, det er lov å seie?? Grei du er som tok på detta arbeidet.

    SvarSlett
  2. Ei nydelig kåpe du har strikka, og så på bestilling og. Er vel enig med deg i at ho var lekker uten frynser, så elegant med ulike strikketeknikkar. Er litt kjedelig med garn som loer, kanskje det då er greit at du ikkje skal bruka ho sjølv.

    SvarSlett
  3. Dette var et flott stykke arbeid, Wenche!
    Vevstrikk er som du påpeker veldig tidkrevende, men jammen meg blir resultatet nydelig!

    SvarSlett
  4. Fantastisk flott stykke arbeid. Beundringsverdig.

    SvarSlett
  5. Nydelig kåpe, og så fin blogg. Her må jeg følge med!

    SvarSlett
  6. Gosh, for et arbeid Wenche, og det måtte jo være du, den tålmodige sjelen, som får til dette mesterverket :) kjempeflott kåpe da, den vevstrikkingen der var jo helt nydelig - akkurat det fikk jeg også lyst til å prøve på, et nydelig mønster.. Fin passform på denne kåpen :)

    SvarSlett