lørdag 13. august 2016

Første strikk av selvfarga garn + + +

Det var spennande å strikka med garn eg har farga sjølv,
og eg blei fornøgd. Fargane blei jevnt fordelt på huene.
Eg liker ikkje når det blir flekkvis, eller pooling på engelsk.
Pynta dei med to fine knappar, ein sau og ei marihøne,
og eg brukte litt restegarn til kontrast.
Over helga skal eg på besøk til eine dattera,
og dei to jentene hennar skal få kvar si hua.



Selvfarga garn, merino 87 gr
Pinne nr 2,5

*

Andre fargeforsøk prøvde eg med planter.
Lav og bregner treng ikkje beis for å halda på fargen,
så dei blei første test. Det blir mykje brunfarger.
Det heiter at garnet blir grønt med bregne, 
men det er kanskje tidlegare på året?
Det blei i alle fall lys brunt her, den venstre på bilde.
Dei to andre er lav fra tre, først det gyldne brune,
og etterpå på restefargane i vatnet blei det lys gul/beige.
Dei to blir fine saman.
Den lyse er gulere enn på bilde.


*

I ferien blei det handla ein del garn med heim.
Det første nøste har eg strikka opp, eit Filcolana Arwetta sokkegrarn.
Det var tynt og fint, eg liker ikkje å bruka tjukke sokkar.
Eg kjøpte det på Fortuna i Trøndelag, og då fekk eg mønster med.
Eg har tatt utgangspunkt i det, men gjort min eigen vri.


Det var nok garn til eit par sokkar til av nøste med Online Supersocke
eg blogga om tidlegare. Dei sokkane fekk ei venninne.



Mønster, Fallende løv, av Klara Haugen
Arwetta Classic, 60 gr
Pinne 2,5

Online Supersocke, 82gr
Pinne nr 3,5

Hue, Sandnes Lanett, 42 gr
*

Ei lita hue til har eg strikka, litt etter mitt eige hode.
Den skulle jo passa til rumperen, som har fått knappar og er klar for levering.
Mor har strikka jakke i same mønster, så det blir eit heilt sett.




*

Denne bloggen blei ein samling av litt av kvart.
Eg har vore på etterskudd med blogginga i sommar, men nå er eg ajour.

Vividteppe har eg tatt heilt ferie fra,
får prøva å strikka ein og annen lapp innimellom.
Ja, for eg har fleire bestillingar fra jentene mine.




2 kommentarer:

  1. Skikkelig fine sokkar og babytøy! GØY å lesa om farginga du har for deg. Luene ble søte då!

    SvarSlett
  2. Søte huer av sjølvfarga garn. Dette må vera fine gåver no når hausten nermar seg. Og babyhua til settet var fin med god fasong!

    Og er så samd med deg i at tynne sokkar er best, og dei du har strikka av arwetta såg nydeleg ut. Likte både mønster og farge.

    Må tilstå eg synes du er heldig som er ajour med bloggimga. Kan ikkje seie det same eg, nei. Og så er det så kjekt å lesa dine bloggar!

    SvarSlett