torsdag 21. august 2014

Armstrikk

Har lenge tenk eg skal prøva meg på armstrikk.
Eg googla det og fann ein god beskrivelse på ein blogg.
Trudde eg hadde lagt den til favoritter, men eg finn den ikkje igjen,
så dessverre har eg ikkje link til sida.

Det gjekk veldig fort å lage denne halsen, og det var morsomt.
Den blei ikkje heilt perfekt, men sikkert nokon som kan bruka den.
Eg hadde garnet Big Trio fra Svarta Fåret liggande.
Det er eit tjukt garn, 3 tråder som er laust spunne saman,
så det passa godt til armstrikking.



Det ser nesten ut som garnet er vikla rundt halsen når det er så store masker...
Veit ikkje om det blir nokon suksess, men i messekassen skal den.



Ein hals i Big delight skal og i julemessekassa.
Der la eg inn litt flettemønster.
Den kunne med fordel vore lengre så den gjekk to ganger rundt halsen,
men eg hadde bare eit nøste. 
Har sydd den vridd isamen, då ligg den finare.



Big Trio, 116 gr
Armstrikk

Big Delight, 98 gr
Pinne nr 5
*

I går var eg på Jørpeland og då fekk eg endeleg 
tak i knappar til dei to barnejakkane eg har strikka i det siste.
Det er rart kva knappar gjer med eit plagg,
eg blei godt fornøgd med resultatet.
Fleire bilder i innlegget HER og HER



*

Kva synes dokke, er det bare eg som synes det er viktig å få
mønsteret beint på einannan når knappane syes i?
Det er rett og slett vondt å sjå fine jakkar som blir heilt skeive 
når knappane er sydde feil på.
Heile arbeide blir trekt ned, tykkjer eg.
Har mange ganger hatt lyst til å be dei flytta knappane, men har ikkje våga.
Det skal så lite til for å få eit fint resultat.
Ja ja, det var dagens hjartesukk...



Ha ein fin dag folkens!



5 kommentarer:

  1. Sjå her du---dama "hiver" seg uti moderne strikketeknikkar! Har og sett på det med armstrikk. Men,ikkje prøvd. God ide til å få dei unge inn på strikking!!! Heilt enig med deg ang. knappa og montering. Samt glidelås og. Såg ein glidelås der det ikkje fløkta i da heile. Grelt å så på, spesielt då jakka ligge ute på nett og står utstilt i innehavar's butikk. (nei, vil ikkje nevne navn her) "Bytheway" - veit du har ein link til å montere glidelås fint i strkkaplagg. Finn den berre ikkje igjen!!! Fine knappar du har fått tak i.

    SvarSlett
    Svar
    1. uff,trykkleif var ute: "Grelt å sjå på,..... " skal det stå

      Slett
    2. Hei og takk for innlegg! Godt å sjå du er enig ;) Viss du søker på "strikk inn glidelåsen" i feltet øverst til venstre her på sida, så kjem bloggen opp.

      Slett
  2. Flotte jakkar vart det - også etter at knappane kom i! Eg er så samd i at knappar og montering kan framheve eit plagg men jammen trekke ned og når detaljane ikkje er på plass.
    Fine halsar du har laga, her sett på armstrikkinga eg og, men fann vel ut at det ikkje er noko for meg. Artig likevel å sjå halsen du strikka.

    SvarSlett
  3. Armstrikk er en teknikk jeg ikke har prøvd. Foretrekker nok l i t t tynnere pinner ;) Men var artig å se resultatet ditt -kan tenke meg at den faller godt i smak hos den yngre garde!
    Ellers er det jo nydelige barneplagg du har strikket i løpet av sommeren.
    Jeg er veldig enig med deg i det å plassere knappene riktig i et plagg, det er helt avgjørende for sluttresultatet :)

    SvarSlett