onsdag 6. august 2014

Ullbukse

Sjølv om sommaren fremdeles er varm og fin,
så merkes det når temperaturen har dalt med 10-14 gr .
Då går det an å strikka igjen, til og med med alpakkaull!
Ei bukse str 2 år har eg fått ferdig.


Linninga i livet strikka eg isamen, 
hadde sett eit tips om det ein gang, og resultatet blei fint.
Det er veldig greit å sleppa å sy!


Ekstra lengde på beina er og greit, så er det litt å veksa i.
Buksa skal passa saman med ein sinnasaugenser eg strikka.
Det blei yngste barnebarnet som fekk den, og mora bestilte buksa til.
For å matcha genseren, strikka eg striper nederst på beina og broderte ein sau.




Det var ikkje lett å få rette fargar, mørk brun og rosa.
Det er mest likt på genseren.

Sandnes mini alpakka, 167 gr
Pinne 2,5 og 3

6 kommentarer:

  1. Du så artig då--- med den eine saua på buksebeinet! Fiks du med god løysingar! Travelt på meg for tida- med jobb og slikt, men kjenner som du at det frister meir til å strikka i både ull og alpakka nå.

    SvarSlett
  2. Du, den metoden om å strikka samen linninga må du forklara. For meg som hatar å fram med nål og tråd høyres jo dette fantastisk ut! Buksa blei kjempefin, og så snål med den sauen på.

    SvarSlett
    Svar
    1. Du strikker saman slik: Ta pinnen gjennom ei maske på venstre pinnen uten å strikka den, så tar du pinnen gjennom ei løkke i oppleggskanten og drar tråden gjennom begge. Då strikker du dei samen. La det vera igjen to tre løkker som du ikkje strikker på slutten, det blir hol til å tre i strikk. Håper det var forståeleg.

      Slett
  3. Den var flott, herlig med sauen! Ha en flott lørdagskveld hos deg!

    SvarSlett
  4. Åh du e så flink Wenche :) og denne sammenstrikkingen virker jo kjempesmart! Hva er det du ikke kan? :) flotte håndarbeider, selv svetter jeg med felling av en bole i ull nå, puh!! Ei flott og kreativ uke foran deg, kos deg

    SvarSlett
  5. Så stilig buksa vart til sinnasugenseren, og den sauen på foten gjorde verkeleg susen!

    SvarSlett